Hopp til innhold

Flo kanskje speleklar mot Sarpsborg

Tore André Flo er no nærmare det mykje omtala comebacket enn tidlegare. Verken Flo sjølv eller Harald Aabrekk vil avkrefta at fotballhelten er i troppen mot Sarpsborg på søndag.

Tore Andrè Flo på sogndaltrening

Tore André Flo skal kanskje spela på søndag. I framgrunnen trenar Harald Aabrekk.

Foto: Arve Uglum / NRK

Måndag kveld var fyrste trening etter ferien for Sogndal, og med på treningsfeltet var Tore André Flo. Verken spissen sjølv eller trenaren vil avkrefta at Flo er med i troppen som møter Sarpsborg på heimebane på søndag.

– Me får sjå

Video Tore André Flo gjorde comeback

Tore André Flo gjorde comeback

Ein løyndomsfull Flo ville ikkje svara direkte på om han skulle vera involvert på bana søndag, men ville ikkje utelukka det.

– Det var kjekt å spela fotball att. Eg er no her i helga, so me får sjå, seier Flo til NRK.

Flo seier at han ikkje er heilt i kampform, men at han er glad om han får bidra, uansett om det er på eller utanfor bana.

Det er over to år sidan sist han var aktiv i ein fotballkamp.

Ikkje bestemt å flytta

Det skapte store overskrifter då det i mars vart klart at Flo hadde skrive kontrakt med Sogndal, men den gamle landslagshelten dyssa det heile ned med at det vart gjort berre i tilfelle han skulle flytta heim.

No kan det also sjå ut som det blir eit comeback i Tippeligaen.

– Me har ikkje heilt bestemt oss enno, men me skal vera her i sommar, og so får me ta det derifrå.

– Eg har trent mykje, men ikkje med ei so god gruppe, so heilt der eg burde vera er eg nok ikkje, seier Flo.

Heller ikkje Sogndaltrenar Harald Aabrekk vil avkrefta noko som helst før søndagens oppgjer mot Sarpsborg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tore André Flo

Det er nokre år sidan han spelte med flagget på brystet. Her med landslaget i trening framfor ein EM-kvalifiseringskamp mot Albania i 1999.

Foto: Johansen, Erik / SCANPIX

Naturleg del av miljøet

Harald Aabrekk

Harald Aabrekk ville verken bekrefta eller avkrefta at Flo er i troppen søndag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Verken laget eller troppen til helga er klart, men når Tore André er her, so er han ein naturleg del av miljøet, seier Aabrekk.

– Når han er her, so er han med i treningsgruppa vår, og han bidreg mykje og er eit godt førebilete for dei andre spelarane.

Sogndal slit med ein tropp med mange skadar, og førre kamp mot Start stilte dei ikkje med full benk ein gang. Det kan opna opp for eit comeback av dei sjeldne til helga.

– Me var jo veldig få mot Start, so me får sjå. Eg kan ikkje avkrefta noko som helst, seier Aabrekk.

(Sjå saka frå då det vart kjend at Tore André Flo hadde signert for Sogndal i vår)

Video Tore André Flo med comeback

Tore André Flo med comeback