Hopp til innhold

Set alle maskinene på bakken

Helikopterverksemda Airlift kansellerer alle sine oppdrag tysdag som følgje av dødsulukka måndag.

Airlift-hovudkvarteret på Bringeland

PÅ BAKKEN: Airlift-maskinene blir ståande på bakken tysdag.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Marknadssjef Erlend Folstad i Airlift seier dei prioriterer å ta hand om sine tilsette etter dødsulukka i fjellområda mellom Ullensvang og Eidfjord i Hardanger.

Fem personar omkom i det som truleg er den alvorlegaste helikopterulukke på Fastlands-Norge.

– Airlift har ikkje fått noko indikasjon utanfrå at vi skal sette maskinene på bakken. Vi har gjort dette sjølve av omsyn til våre tilsette, seier Folstad.

Helikopterulukke i Ullensvang juli 2011

BYRJA Å BRENNE: Ulukkeshelikopteret byrja å brenne etter styrten.

Foto: 330-skvadronen

Startar undersøking i dag

Fem personar var i helikopteret då det styrta. Mellom desse ein pilotane som har vore tilsett i fem år i Airlift. Ulukkesårsaka er førebels ukjend, men Havarikommisjonen kom tysdag føremiddag til Ullensvang for å starte sine undersøkingar.

Erlend Folstad, marknadssjef i Airlift

I SORG: Erlend Folstad og Airlift har i dag orientert sine tilsette om ulukka i Hardanger.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

Folstad seier dei i tysdag har orientert sine tilsette ved hovudbasen på Bringeland i Førde.

– Våre viktigaste prioriteringar er dei pårørande som har mista sine kjære og våre tilsette. Vi har bestemt oss for å ikkje operere i dag, dette for å ta oss best mogleg av våre tilsette, seier Folstad.

Organisasjon i sorg

Direktør Johnny Skoglund i Airlift seier i ei pressemelding at heile organisasjonen er i sorg. Helikopteret som styrta i Hardanger var stasjonert i Kinsarvik.

– Ulukka med eit av våre helikopter i fjellet i Eidfjord er djupt tragisk. Airlift er ein organisasjon i sorg. Vi gjer no det vi kan for å hjelpe dei pårørande, tilsette, lokale styresmakter, politi og havarikommisjonen, seier han.