Hopp til innhold

Hubroen kan bli utrydda i vest

Den majestetiske hubroen står i fare for å forsvinne frå store delar av Vestlandet.

Hubro

UTRYDDINGSTRUGA: Hubroen har vore på lista over sterkt utryddingstruga dyreartar sidan 1998.

Foto: Marius Harlem / NRK

Ugla har vore utryddingstruga lenge, og det kan vere så få som 800 fuglar att på landsbasis.

No fryktar både fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Norsk ornitologisk foreining at fuglen kan bli utrydda i vest.

– Det ser ut som om hubrobestanden ikkje har teke seg særleg opp dei siste åra, seier rådgjevar Tore Larsen hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Frykt i vest

Ei kartlegging fylkesmannen har gjort, viser at det maks er 20 vaksne hubroar att i fjordfylket. Det er ein merkbar nedgong for hubroen som har vore raudlista sidan 1998.

Også på kysten av Møre og Romsdal kjem signala om at hubroen forsvinn. Larsen fryktar for arten sin eksistens på Vestlandet.

– Hubroen ser ut til å forsvinne frå Sogn og Fjordane, på same måte som mange andre fylke i landet, seier han.

Kan bli tome for hubro

Fagkonsulent Ingar Jostein Øien i Norsk Ornitologisk Foreining vil ikkje svartmåle situasjonen for Vestlandet, men trur skogane kan bli tome for hubro fleire stadar.

– Vi deler uroa for hubroen. Det er ein art det viser seg har gått attende mange stader, seier han.

Mange hubroar døyr i møte med kraftleidningar. Regjeringa har nyleg løyvd 30 millionar for å bøte på problemet.

Vil hjelpe hubroen

I Sogn og Fjordane vil dei byggje sikre sitteplassar for hubroen oppe på kraftstolpane, seier Larsen

– Det er fordi det er ein art vi ynskjer å ta vare på. Det er ikkje norsk politikk å berre la arten døy ut, seier Larsen.

Øien i ornitologisk foreininga jublar over engasjementet

– At det no blir sett i gang tiltak for å motvirke det, tykkjer vi er veldig, veldig gledeleg, jublar han.