Hopp til innhold

Oljesøl fyllte heile hamnebassenget

–. Dette må vere dieselsøl frå ein båt. Oljeflaket strakk seg fleire hundre kvadratmeter.

Oljesøl ved Raudeberg

OLJEFLAK: Slik såg hamneområdet i Raudeberg ut tidleg tysdag kveld.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Det fortel Helge Kvalheim.

– Diesel eller lettolje

Busett i Øvrevegen på Raudeberg i Vågsøy har han panoramautsikt over hamneområdet, men synet som møtte han i 18-tida tysdag kveld hadde han lite sans for.

– Det såg ut for meg at det kunne vere diesel eller lettolje. Enkelte stader var det noko kvitt feittaktivt stoff i blanda ljeflaket som vart ført nordover mot sentrum av Raudeberg, fortel Kvalheim.

Han vart merksam på oljeflaket på same tid som ein kystnotbåt som kom nordfrå, forlet kaiområdet til Johansen Slip og Mek på veg sørover.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Oljesøl ved Raudeberg

SKILDE SEG: Oljen delte seg i fleire større flak og strakk seg frå sør for Raudeberg sentrum - og nord til Blålid.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Trur det kom frå kystbåt

– Det fleire var store flak som delte seg opp . Det kan vel ha vore snakk om nokre hundre kvadratmeter. Det verka for meg som om det kom frå denne kystbåten, utan at eg kan seie det sikkert.

Oljesølet strakk seg nordover mot Blålid og Snorre Seafood-anlegget.

Hos Vågsøy lensmannskontor får NRK opplyst at dei korkje har fått klager på, eller kjenner til oljesølet.