Hopp til innhold

Ferje rende på grunn i Flora

Ferja M/F Rennesøy frå Tide Sjø vart seint i går kveld slept til kai etter å ha gått på varteskjæret vest av Florø.

Rennesøy på grunn

FEILNAVIGERTE: Ferja Rennesøy var på veg frå Askøy til Nordland då den rende på grunn vest av Florø.

Foto: Truls Kleiven

Politiet fekk melding om hendinga like før klokka 20.55 tysdag kveld.

- Det er eit mannskap på ti ombord, men ingen skal vere skadd. Det er heller ikkje tale om noko lekkasje. Det er opplyst at feilnavigering er årsak til grunnstøytinga, opplyser politiet til NRK.no.

Skulle til Nordland

Ferja er frå Tide Sjø og var på veg nordover frå Askøy då den gjekk på grunn. Ifølgje Hovudredningssentralen på Sola tok mannskapet ombord sjølv kontakt med slepebåt.

- Rennesøy var på veg til eit leigeoppdrag i Nordland då den grunnstøytte under gjennomsegling i Florø. No må vi få kartlagt skadeomfanget og ta det derifrå, seier Ivan Fossan i Tide Sjø.

Av grunna like før midnatt

I 22-tida tysdag kveld tømde ferja ballasttankane sine for å liggje lettare på skjeret i påvente av flo sjø om lag ein time seinare.

Klokka 2345 var MF Rennesøy slept av grunna og på slept inn til kai i Florø etter.

Politiet har tatt rutinemessig alkotest av mannskapet og kaptein Denne var negativ. Det vil bli gjort avhøyr av mannskapet i løpet av onsdagen på Flora politistasjon.