I denne konkurransen skal du finne ut av kva eller kven du høyrer – eventuelt kvar lyden er henta frå.
Veit du svaret? Send inn, og du kan vinne ein liten premie frå oss. Siste frist er midnatt den dagen oppgåva vert lagt ut.
Oppgåva vert også presentert i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane først om lag klokka 06.45, og deretter også om lag klokka 08.45. Vi trekkjer ut to vinnarar kvar dag, ein på radio og ein på nett.
Slutt på konkurransen
Frå og med i dag, 14. mai, legg vi om til ny framside på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane. Det inneber mellom anna at denne konkurransen går over i historia som nettilbod. Men konkurransen held fram i morgonsendinga på radio....
Dersom du ikkje kjem gjennom ved å bruke tenesta over kan du sende svaret til denne adressa: konkurranse.sf@nrk.no
Vinnarar og rette svar:
To parti har funne kvarandre i spørsmålet om kraftutbygging. Vi spurde kva parti vi snakkar om. Svaret er Arbeidarpartiet og Høgre. Mellom dei som visste det var Reidar G. Huus frå Florø, og han vart den siste vinnaren i denne nettkonkurransen.
Tre søsken går no inn i drifta på eit hotell i indre Sogn i eit forsøk på å halde liv i verksemda. Vi ville vite kva hotell det handlar om. Svaret er Tørvis Bre- Ski og Fjordhotell i Marifjøra. Det visste Renate Barthel frå Bergen, og ho får premie i posten.
Her er det snakk om ein litt spesiell båt. Vi skulle fram til Kjenndal II som skal gå på Lovatnet. Mellom dei mange med rett svar har vi trekt ut Norvald Gjervik frå Sande. Premie kjem i posten.
Gro Rukan snakkar om eit arrangement som handla om Sogn og Fjordane i Oslo. Kva heitte arrangementet, ville vi vite. Svaret er Åtgaum, og vinnar i dag vart Aslaug Valaker frå Utvik.
Folk i Aurland har kjempa for ei spesiell sak, og torsdag i førre veke vann dei fram. Kva sak handlar det om, spurde vi. Svaret er at kommunestyret har bestemt seg for at dei vil halde på skulebåten til Sogndal. Vinnar vart Venke Heggenes Linde frå Balestrand.
Her er lyden av elleville ungdomar i Eid som jubla over at dei stakk av med sigeren i ein konkurranse på P3. Vi ville vite kva for konkurranse det var dei vann. Svaret er P3 SkoleSessions. Det visste Arne Henriksen frå Høyanger, han får dagens premie.
Her høyrde du ein nokså opptrekt Frank Willy Djuvik. Kva for selskap er det snakk om som går med underskot? Svaret skulle vere Fjord1. Vi trekte ut Einar Øisund frå Reipå som vinnar av ein NRK-premie.
Her høyrer du fylkestannlege Bent Rønnekleiv. Kva må skje i fylket vårt om vi skal klare å rekruttere tannlegane til oss, var spørsmålet. Svaret er å slå saman dei miste tannklinikkane til større einingar. Mellom dei som visste det trekte vi ut Anton Senneset frå Bremanger som vinnar.
Dette er Linda Eide som kommenterer ein pris ho har fått. Vi ville vite kva pris det er snakk om. Svaret er Målprisen til Noregs Mållag. Vinnar i dag vart Sara Tveit Saur frå Sogndal.
Her høyrer du Jens Brekke snakke om ein matrett og ei foreining som no har fått nytt liv. Vi var ute etter namnet på matretten og foreininga. Svaret er gamalost og Norsk Gamalostlag. Vinnar vart Emil Lavik Midtgård frå Manger.
Dette var ei dame som hadde gått til topps i ei nasjonal kåring. Vi lurte på kven ho var og kva ho vart kåra til. Svaret var Hilde Bjørkum, kåra til mektigaste person innan folkemusikk. Aslaug Følling Kvamen frå Viksdalen visste det og får ein premie i posten.
Ein av idrettsutøvarane frå fylket går på slak line for å bli verdas beste i sin idrett. Kva heiter idretten, og kva er namnet på karen, var spørsmålet. Svaret er hopp og Anders Fannemel. Ragnhild Hovlandsdal er dagens vinnar.
Dette er ei kvinne som var veldig nøgd i går. Vi spurde kven det er. Svaret er Åse Løkeland, rektor på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Mellom dei som hadde rett svar trekte vi ut Svein Eikefjord, som bur i Skien, som dagens vinnar.