Hopp til innhold

E16 opnar tidlegast tysdag

Elva har gjort omfattande skader på E16 ved Honing bru mellom Borlaugkrysset og Maristova.

E16 stengd etter at delar av vegen rasa ut.

STENGD I HELGA: E16 over Filefjell vil ikkje bli opna i løpet av helga.

Foto: Arne Veum

Vegvesenet skal gjere nye vurderingar tysdag.

– Vi håpar at vi skal få gjort litt no med helga, men skadane her er omfattande. Det er ein mur på kring ti meters lengde og seks-sju meters høgde som må byggjast opp att, fortel byggjeleiar Rune Dvergsdal i Statens vegvesen.

32,4 mm i går

Dvergsdal var fredag føremiddag på rasstaden for å sjå på skadane som elva gjorde torsdag kveld.

Kombinasjonen snøsmelting og 32,4 millimeter nedbør førte til auka vasstand. Kreftene i elva grov med seg ein større del av vegen.

– Det ser ut til at det vil ta litt tid før vi får ordna vegen. Eg trur det meste er kome, men meir kan rase ut, seier Dvergsdal.

Mykje arbeid

Byggjeleiaren seier det er mykje arbeid som må gjerast før det kan setjast trafikk på vegen att.

For dei som skal austover er Hemsedalsfjellet eller Årdal-Tyin omkøyringsmoglegheiter.

– For det første må elva gå ned så vi kjem oss ned for å byggje opp att vegen. Så stor som elva er no, gjer at vi ikkje kan gjere så mykje nede i foten på buren. Vi får heller ikkje sett under sjølve vegkroppen kor mykje som er utgrave. Men no er det litt betre vêrmelding for i morgon og søndag, seier han.

Geilo våtast i landet

Vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet, Berit Hagen, seier det også i dag vil komme ein god del nedbør i indre delar av Sogn.

I løpet av 12 timar torsdag kom det ned 32,4 millimeter i Lærdal. Geilo var i går våtast i landet med 37,1 millimeter nedbør. I tillegg vil snøsmeltinga føre til meir vatn i vassdrag.

– Det vil regne mindre i dag enn i går, men det vil framleis komme ein del nedbør. Det kan vere store skilnader, men i fjellområda kan det komme opp mot 40 millimeter dei neste 24 timane, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.