Redde for gasstankar

'Golar Winter' ankra i Vetlefjorden
Foto: Cosmin Cosma/NRKFolk i Vetlefjorden torer ikkje lenger bade i sjøen. Årsaka er at gasstankaren "Golar Winter" ligg i opplag i fjorden.
Publisert 25.07.2006 13:47. Oppdatert 25.07.2006 16:33.
- Skriv ut
Med 135.000 kubikkmeter metangass som næraste nabo til badestranda føler ikkje alle seg like trygge. Det seier leiar i grendalaget for Sværefjorden og Vetlefjorden, Britt Tone Kvalheim.
Blir i eit halvt år
Det var forrige onsdag at den 247 meter lange og 70.000 tonn tunge gasstankaren "Golar Winter" vart lagt i opplag i Vetlefjorden. Der kan den bli liggande i inntil eit halvt år.
- For lite informasjon
Folk som bur i området er vant til at store skip ankrar opp i fjordarmen, men denne gongen er det lasta som bekymrar. Det treng på ingen måte å vere farleg, men naboane føler seg uttrygge fordi dei har fått alt for lite informasjon om båten, seier Britt Tone Kvalheim.
- Skal ikkje vere farleg
Plan og utviklingssjef Arne Abrahamsen i Balestrand kommune forstår Kvalheim og dei som bur i Vetlefjorden og Sværefjorden. Sjølv om det er Kystverket som har gjeve reiarlaget til "Golar Winter" løyve til å ankre i fjorden, så har kommunen fått forsikringar om at det ikkje skal vere noko fare knytt til dette, seier Abrahamsen.
Shell eig lasta
Det er oljeselskapet Shell som eig gassen om bord i skipet, som er ein av dei største gasstankarane i verda. Etter at Shell kjøpte lasta, fall prisen på gass, og oljeselskapet ventar no på at prisen skal auke igjen før dei vil selje gassen. Grunneigarane i Vetlefjorden reknar med at skipet blir liggande iallfall til november.

Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket