Hopp til innhold

– Eit sjeldant skyttartalent

Han siktar mot toppen. 20-åringen Vegard Solhaug frå Aurland har sett seg eitt mål med skytinga si; å bli skyttarkonge. – Han har det som skal til, seier tidlegare skyttarkonge John Olav Ågotnes.

Vegard Solhaug

Eitt mål i sikte: Vegard Solhaug har eitt mål med skytinga; å bli skyttarkonge.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I ein alder av berre 20 år har han rukke å bli krinsmeistar to år på rad, Noregsmeistar klasse junior i feltskyting og han har to tredjeplassar i Vestlandsstemnet.

Men for Vegard Solhaug har ikkje årets sesong har starta heilt som forventa, og på helgas Lerum Cup gjekk det ikkje heilt som det skulle for 20-åringen. Han skaut 344 av 350 moglege poeng på sitt beste av dei fire stemna han deltok på, og enda på ein 58.plass totalt i dei 6 stemna som gjekk parallelt.

  • Sjå resultata frå Lerum Cup her

– Eg er ikkje nøgd med skytinga mi i helga, det vart litt for dårlege resultat. Slik har det vore stort sett heile sesongen so langt, men eg trur det har ein samanheng med treningsmengda i år. Men om eg har gjort rett i treningsarbeidet, so kjem toppformen snart, slik at den forhåpentleg vis er til stades til landsskyttarstemnet tidleg i august.

Vegard Solhaug

Han blir sett på som eit talent av dei sjeldne av ein tidlegare skyttarkonge.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det er landskyttarstemnet som er sesongen store mål. Her konkurrerer dei beste skyttarane i landet om å kunne krona seg sjølv med tittelen skyttarkonge, ein tittel Solhaug veldig gjerne skulle hatt.

– Eg trur det er eit realistisk mål. Eg håpar at, om ikkje dette året, at eg vertfall neste sesong kan oppnå store resultat.

– Har det som skal til

Tidlegare skyttarkonge John Olav Ågotnes meiner Solhaug har det som skal til for å hevda seg i skytesporten.

– Han er ein ung og ambisiøs skyttar som absolutt har det som skal til for å bli veldig god. Han trenar godt og er god på standplass.

– Det er ikkje mange som har skote dei poengsummane han har gjort i so ung alder, so talentet er der absolutt!

Ågotnes, som sjølv vart skyttarkonge i 1990, ser ikkje vekk i frå at Solhaug ein gong vil kunne kalla seg sjølv skyttarkonge.

– Moglegheitene er der absolutt, men for å bli skyttarkonge so må ein òg ha litt marginar på si side på det rette stemnet. Men forutsetnadane hans er gode.

Mykje trening

– I januar, februar og mars låg eg gjerne på ein 5-6 dagar i veka med trening, det er nesten so det blir meir som eit dagleg gjeremål enn trening. På våren blir det litt mindre trening og litt meir konkurranseskyting, før eg byrjar att med meir trening i juni. Ut i frå tidlegare erfaringar so kjem då formen på sumaren.

Han studerar for tida i Bergen, og det har opna dører for skytesatsinga. Han trenar no jamnleg med Ågotnes og andre tidlegare storskyttarar, noko som gjer at han kan gi det vesle ekstra på trening.

– Det er fint å trena med dei meir erfarne skyttarane, då eg får noko å strekka meg etter på trening. Det blir mykje konkurranse mot dei, og so får eg ein del tips som er nyttige å ta med seg.

– Trivst under press

Å bli kalla eit stort talent, samt å ha oppnådd det Solhaug har klart i so ung alder, fører med seg eit visst press. Det er noko Solhaug tek med knusande ro.

– Å bli kalla eit talent er noko eg lev godt med, og presset det fører med seg ser eg ikkje på som noko problem. Eg blir meir målbevisst og motivasjonen aukar, og eg likar å skyta under press.

Det er den same oppfatninga Ågotnes har av 20-åringen.

– Dei beste skyttarane trivst best under press, og det er i dei store konkurransane og der presset er størst at dei beste syns det er kjekkast.