26.05.2012

Fellingslag i pengenaud

Eit år etter at fellingslaget for store rovdyr vart oppretta er dei i pengenød. No ber dei alle kommunane om hjelp.

Fellingslaget har som oppgåve å gjennomføre fellingsforsøk på til dømes bjørn og jerv.

Men sjølv om dei får støtte frå fylkesmannen er ikkje det nok. No sender dei ei bøn om pengehjelp til alle kommunane i fylket.

- Utan slik hjelp har vi ikkje midlar til kursing og opplæring, seier utmarkskonsulent i Sogn og Fjordane Skogeigarlag, Alf Erik Røyrvik
 

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.