Hopp til innhold

– Kongevegen vil forsvinne

Noregs eldste vegforbindelse mellom Vest- og Austlandet vil forsvinna om kort tid om ingenting blir gjort, i fylgje ein ny rapport frå Statens vegvesen. – Kongevegen står i fare for å gro att, seier Jan Adriansen i Statens vegvesen.

Kongevegen over Filefjell

Kongevegen over Filefjell går gjennom storslått natur. På høgfjellet er den framleis tydeleg i terrenget, men også her er den i ferd med å gro att.

Foto: Hanne Johnsrud

I rapporten som Statens vegvesen presenterte 1. juni, kjem det fram at om det ikkje blir gjort noko, vil Kongevegen snart forsvinne.

– I denne rapporten har me kartlagt strekninga mellom Lærdalsøyri og Øye i Vang, Oppland, ei strekning på totalt 8 mil. Me har òg sett på moglegheita for å gjera denne vegen til ein større attraksjon, båe for turistar og lokale innbyggjarar, seier Adriansen.

– Rapporten konkluderar med at tilstanden på dette nasjonalt viktige kulturminnet er dårleg, men om det blir sett i gang tiltak snart, bør det vere godt mogleg å restaurere vegen på ein god måte.

– Dreneringa sviktar

Forfallet av vegen har dei siste åra auka, og Adriansen er redd for at Noreg vil mista eit viktig kulturminne om den ikkje blir restaurert.

Jan Adriansen

Jan Adriansen i Statens vegvesen.

Foto: Heidi Ravnestad

– Det fyrste som sviktar er dreneringa. Grøfter gror att, og då finn vatnet nye vegar. Vegbana blir vaska vekk og sklir ut, og vegen losnar frå festa sine, seier Adriansen i Statens vegvesen.

Bitar av vegen er nesten heilt vekke, medan andre deler er blitt jobba med for å vedlikehalda.

Stor etterspurnad

– Det er stor etterspurnad etter vandring som produkt i reiselivsnoreg, og både lokale, regionale og nasjonale reiseaktørar ser no på moglegheita for å tilby dette til kundane. Kongevegen over Filefjell har her ein heilt unik moglegheit for å kunne tilby naturopplevingar og kulturminne utan like.

Det seier Helene Maristuen, prosjektleiar for bærekraftig reiselivsutvikling i Lærdal.

– Det vil ha mykje å sei for det næringslivet i regionen, og det vil kunne skapa fleire arbeidsplassar lokalt. Vegen går gjennom nesten heile kommunen, og dei lokale næringsdrivande i heile dalen vil ha moglegheiter til å henga seg på dette prosjektet.

600 millionar kroner å hente

I rapporten ber utvalet om 65 millionar kroner til arbeidet med restaureringa av Kongevegen.

– I denne summen ligg òg ein del midlar som allereie er inne i det pågåande E-16-arbeidet over Filefjell. Vegvesenet har gjort ein god jobb med å tilretteleggje for framtidig bruk på Kongevegprosjektet, seier Jan Adriansen.

– Det kom ei stortingsmelding for nokre år sidan som slo fast at for kvar krone som vert investert i slike kulturminnetiltak, kan ein rekne med å få 10 kroner tilbake. Det er vanskeleg å rekna i tal, men potensialet er der absolutt.

Det kan bety at næringslivet i regionen vil kunne få inn nærmare 600 millionar kroner, om den meldinga stortinget la fram stemmer.