Hopp til innhold

Hage frå Utvik i Grønn Glede.

Tysdag 31.mai kom det innslag frå hagen til Anne- Ma Gil Sætre frå Utvik i Grønn Glede på NRK 1. No kan du sjå programmet i nett-TV.

Anne-Ma Giil Sætre finn det som andre kallar skrot og pyntar opp hagen. Ho lar og ugraset få lov å vekse fritt når det er fint.

Sjå hagen til Anne-Ma Giil Sætre. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke

Anne-Ma Gil Sætre har kjøpt seg eit gamalt hus med ein vill-hage oppi bakkane i Utvik.

Anne-Ma Gil Sætre

Anne-Ma Gil Sætre

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det er ikkje råd å vite kva som dukkar opp i hagen hennar. Ho kastar nemleg nesten ingen ting og ugraset får lov til å vere der viss det er pent.

Tek vare på mykje

Det nesten hundre år gamle huset ligg oppe i bakkane i Utvik. Her har ho budd sidan 2005 saman med katten «Pus».

Gil Sætre likar gjenbruk. Ved inngangen til hagen har ho plassert ein rotna benk og ein port som skulle kastast. Toppen på den gamle flaggstanga pyntar og opp.

Varmtvass-tanken til Anne-Ma Gil Sætre

Varmtvass-tanken til Anne-Ma

Foto: Heidi LIse Bakke / NRK

Gamal vasstank og rusta omn

På vandring gjennom hagen med mange rom, kan ein kome over mykje rart og spennande.

– Dette er ein gammal varmtvasstank som har stått sidan... Ja, gubban. Kva skal eg gjere med den. Og så fekk eg ein idé, fortel Gil Sætre. Dermed vart varmtvasstanken måla og plassert midt i hagen.

Gamle kloakkrøyr og ting som kanskje andre ville kasta, blir plassert rundt omkring.

Mange av tinga har ho laga sjølv, og ødelagte ting kan og brukast. Ho kjøper ferdig mørtel og tryllar fram dekorasjonar.

Ugraset får stå

I hagen til Gil Sætre får ugraset vere i fred dersom det er pent.

– Det er jo så trist å plukke vekk desse gule smørblomane. Dei er ikkje ugras for meg. Det er villblomar, fortel ho og meiner dei kan få stå til dei ikkje ser så fine ut lengre.

I tillegg til Gil Sætre sin hage, får vi besøkje uteplassen til Einar Lunga som er murarvennen hennar. Han har inspirert ho i mykje.

Anne-Ma Gil Sætre sin hage

Anne-Ma har mange rom i hagen

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK