Hopp til innhold

Gav gudinna Idunn eit ansikt

Denne dama har laga kunstverket som skal pryde cider, sterkvin og sprit frå Eid.

Heidi Heggdal

VINNAR: Heidi Heggdal stakk av med sigeren då Reknes Gard skulle velje eit andlet til cideren og vinen sin.

Foto: Hanne Marie Jordsmyr

Reksnes gard i Eid bygger opp ein produksjon av cider, sterkvin og sprit basert på epler frå Reksnes.

Tilbake til vikingane

Produksjonen byggjer på den "normanniske" metoden. Det vil seie med rot i vikingtid og norrøn gudeverd.

For vikingane spelte epler ei viktig rolle. Gudinna Idunn sine eple gav gudane evig ungdom. Men gudinna er sjeldan avbilda med eit ansikt.

Det gjorde marknadsføringa vrien, og det vart sett igang ein konkurranse.

(artikkelen held fram under biletet)

Idunns ansikt

Kunstverket som skal vere ein del av marknadsføringa.

Laga andletet til Idunn

Oppgåva var å lage eit kunstnerisk utkast til Idunns ansikt, som skal brukast av Reksnes gard i markandsføring og konseptbygging.

Idag var kåringa og vinnaren vart Heidi Heggdal. Heggdal bur i Innvik og jobbar som flyktningkonsulent.

Ho er utdanna ved kunsthøgskulen i Oslo, og har utforma kommunevåpenet til Stryn kommune.

Frodig og fruktbar

"Dette er gjerne slik ein kan sjå føre seg Idunn. Frodig, frisk og fruktbar", var juryen si grunngjeving.

Premien var 20.000 kroner og ei veke i Normandie for to.