26.05.2012

Storsatsing i Sogndal

Psykisk utviklingshemma i Sogndal skal frå oktober i år sleppe å bu på gamleheimen.

Kommunen brukar nesten ni millionar kroner på nye leiligheter og eit nytt aktivitetssenter.

- Dette er ei storsatsing, seier sosialsjef i Sogndal, Clara Øberg.

 

Clara Øberg (Foto: NRK)

Storsatsinga som Clara Øberg snakkar om, er godt i gang. 13 leiligheter og eit felles aktivitetssenter blir i desse dagar bygd på Stedje i Sogndal. Og midt i oktober kan dei fleste av dei psykisk utviklingshemma i kommunen som ynskjer det, få bu i desse husvera.

Konsulent for brukarane, Vidar Leirdal, seier at dette er noko både dei tilsette og brukarane gler seg til.

I dag er det altså glede. Men for to år sidan, då dei psykisk utviklingshemma i Sogndal vart flytta frå Haugehuset til eldresenteret, var det mange som grein. Saka skapte enormt engasjement i kommunen og kritiske røyster meinte det var uforsvarleg å la denne gruppa dele lokaler med sjuke og eldre mennesker. Underskriftene til meir enn 1300 personar var å finne på brevet som vart sendt til kommunestyret. Men trass i motstanden valdepolitikarane  likevel å flytte dei psykisk utviklingshemma til eldresenteret, og der har dei vore i to år.

Ifølge sosialsjef Clara Øberg har opphaldet på gamleheimen fungert greitt. Det er ikkje det som er årsaka til at kommunen no vel å bygge nye lokale, seier ho.

Dei nye husvera og det nye aktivitetssenteret til 8,5 millionar kroner vil bli svært moderne. Clara Øberg og Vidar Leirdal fortel meir enn gjerne om kor flott det blir på Stedje når alt står ferdig i oktober.

- Vi håpar det nye komplekset vil gjere dei psykisk utviklingshemma betre rusta til å klare seg på eiga hand, seier Leirdal.