Hopp til innhold

Tysk bubil vart offer for uvêret

Måndag morgon fekk dei tyske turistane kjenne på kroppen at storm ved Stad ikkje er å spøkje med.

Bubil velta på Kvalheimsfjellet

ENDA PÅ SIDA: Den sterke vinden fekk godt tak i bubilen, som vart liggjande på sida i vegbana ved Kråkenesfjellet.

Foto: Torfinn Kråkenes

– Bilen låg der då eg kom på staden, seier Torfinn Kråkenes.

Han plukka fram kameraet og tok bilete av bubilen, som låg velta ved Mehuken vindpark i Vågsøy kommune.

Vinden tok tak - la bilen over ende

Det er Fjordenes Tidende som skriv om saka tysdag morgon, men bubilen vart teken av den sterke vinden allereie måndag føremiddag.

Då kom dei tyske turistane køyrande frå Kråkenes. Dei hadde komme omtrent til det høgaste punktet på vegen ved Måsegga, då vinden fekk skikkeleg tak i bilen og la den over ende.

(Artikkelen held fram under biletet)

Velta i den sterke vinden
Foto: Torfinn Kråkenes

Kom frå opplevinga utan skader

Bubilen vart liggjande på sida, delvis inne i vegbana.

– Vertinna på Kråkenes fyr tok seg godt av turistane, men bilen var ikkje køyrbar og vart henta av ein planbil, fortel Kråkenes til NRK.no.

Dei uheldige turistane kom begge ifrå opplevinga utan skader. Dei er tysdag på hotell i Måløy, og dei har skaffa seg ny bil dei kan komme seg heim med.

Har ikkje opplevd så sterk vind

Bettina Vick Bickhart er vertinne ved Kråkenes fyr, og er godt van med sterk vind.

Med gårsdagen overgjekk det aller meste:

– Det må ha vore orkan i kasta mellom Kråkenes og Kvalheim, der bubilen velta. Det er første gong eg har opplevd at brillene har blitt blesne bort. Eg kunne nesten ikkje gå - og eg har opplevd mykje vind, seier Vick Bickhart.

Melder sterk vind også tysdag

Vêrvarselet for Stad og Kråkenes tyder på at folk i området må bu seg på kraftig vind også tysdag.

Ifølgje yr.no er det venta sterk storm omkring Stad.

Meteorologane trur vinden kan komme opp i 29 meter i sekundet på det meste.

Sjekk vêrmeldinga for området her.

Slik såg det ut på Refviksanden i Vågsøy i går:

Sandstorm på Refviksanden
Foto: Bjarne Eldevik / NRK