26.05.2012

Biltjuvar stansa av traktor

Stein Ove Borlaug sperra brua i Undredal med traktoren sin. (Foto: Arne Veum)

To personar er pågripne i Undredal  etter at dei prøvde å stikke av med ein stolen bil.

Bilen som tjuvane kom til Undredal med knekte sju gjerdestolpar. (Foto: Arne Veum)

Dei kom til Undredal med ein bil dei hadde stole, men vegen i bygda vart for smal til dei, og bilen enda som vrak etter å ha knekt sju stolpar i eit hagegjerde.

Vakna av bråket

Dei to karane i bilen tok med seg ein sekk og stakk av til fots, men Stein Ove Borlaug, som hadde vakna av bråket dei laga då dei prøvde å kome seg laus att, fylgde etter dei på avstand. Etter å ha vassa over elva to gonger, fann tjuvane ein bil som dei tjuvkopla og prøvde å kome seg ut av Undredal med.  

Denne bilen stal tjuvane i Undredal. Den vart parkert på verandaen til Magne Undredal. (Foto: Arne Veum)

Sperra vegen med traktoren

Men då hadde Stein Ove Borlaug sperra vegen med traktoren sin, og dei måtte snu. Då prøvde dei ein anna veg, men den førde berre inn i hagen til Magne Undredal, og der vart bilen til slutt ståande nærast oppå verandaen.  

Heldt dei fast 

Politiførstebetjent Arild Stokkereit pågrip biltjuvane. (Foto: Arne Veum)

Magne Undredal og Stein Ove Borlaug fekk tak i den eine av biltjuvane og heldt han fast. Den andre stakk av,  men etter ei stund kom han tilbake, og dermed vart begge biltjuvane haldne i sjakk til politiet kom og kunne pågripe dei.

Mistenkte for fleire innbrot

Dei to pågripne er 19 og 22 år, heimehøyrande i Bergen, det som blir kalla kjenningar av politiet, og dei er mistenkte for ei rekkje innbrot. Bilen dei kom i til Undredal, var og stolen. No er dei sende til Bergen, der dei blir framstilte for varetektsfengsling.