26.05.2012

Berre friske fargar - eller snikreklame for Moods?

Stryn ungdomsskule (Foto: Jan Ivar Vik)

MOODS? Slik ser ungdomsskulen i Stryn ut etter at Simen Staalnacke har fått sett sitt preg på bygget.

Foto: Jan Ivar Vik

Som ein del av TV Norge-serien «Skoledugnaden» fekk klesgründer Simen Staalnacke pusse opp ungdomsskulen i heimbygda Stryn. No får saka politisk etterspel.

Rosa inngangsparti og fargerike bannerar i typiske Moods-motiv vart resultatet då TV Norge og Simen Staalnacke skulle freshe opp Stryn ungdomsskule.

I den nye programserien leia av Kåre Magnus Bergh kjend frå NRK Super og «Idol» på TV 2, skal 10 kjendisar pusse opp ein skule på heimstaden. Då Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke vart invitert med, fall valet på ungdomsskulen i Stryn.

– Gir assosiasjonar til Moods

Men etter at Staalnacke og klassekameratar av han har vore på dugnad, kan det store murbygget ut som eit monument for Moods of Norway, meiner Jacob Hammer, leiar i teknisk utval i Stryn kommune.

– Fargeval og mønster som er brukt utvendig på skulen gir assosiasjonar til Moods of Norway. Derfor reiser saka eit viktig prinsipielt spørsmål om enkeltaktørar kan få løyve til å profilere seg på offentlege bygg, seier han til avisa Fjordingen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Stryn ungdomsskule (Foto: Ottar Starheim/NRK)

FØR: Slik såg Stryn ungdomsskule ut før dugnaden.

Foto: Ottar Starheim/NRK

Folk har reagert

Hammer fortel til NRK at han har fått reaksjonar frå folk i Stryn.

– I utgangspunktet fekk vi ein førespurnad til utvalet om vi kunne gi løyve til å ha dette hengjande til ut 2012. Vi gav administrasjonen fullmakt til å avgjere dette. Men no er det kome reaksjonar der folk synest at dette er å assosiere med Moods of Norway, og spørsmålet blir om kommunen skal akseptere at offentlege bygg skal brukast i den samanheng.

Saka blir no tempa på neste møte i teknisk utval.

Moods of Norway (Foto: NRK)

ROSA: Fargen har blitt ei merkevare for Moods of Norway.

Foto: NRK

– Vi vil ha saka utgreidd. Alle partar skal få komme med sitt syn, seier Hammer til NRK.

Nøgd rektor ser problemet

Under dugnaden fekk sentralrommet og kantina på skulen nye møblar og fargar. Denne delen av oppusinga var svært vellykka, meiner rektor Kjell Solheim.

– Eg ser dette som positivt og ikkje noko utstillingsvindauge for Moods. Banneren på utsida av skulebygget er eg derimot usikker på kor lenge skal hengje. Dei ser eg er Moods-mønster, seier rektoren til Fjordingen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Stryn sommarskisenter (Foto: Asgeir Reksnes/NRK)

MOODS-FARGAR: Sterke fargar pregar også Stryn sommarskisenter der Moods-eigarane har kjøpt seg inn. Her finn ein same rosafarge som på skulen i Stryn.

Foto: Asgeir Reksnes/NRK

Avisa har vore i kontakt med både eigedomssjefen i kommunen, skulesjefen og rådmannen. Både eigedomssjefen og rådmannen vedgår at dei nok får assosiasjonar av Moods når dei ser skulen frå utsida. Skulesjefen seier på si side at det har kome mykje positivt ut av prosjektet, og at han ønskjer debatten velkommen.

Staalnacke: – Ikkje utstillingsvindauge

Hovudpersonen sjølv, Simen Staalnacke avviser hardnakka at han har freista å gjere sin gamle ungdomsskule til reklame for si eiga verksemd.

Simen Staalnacke (Foto: Kamilla Pedersen/NRK)

FOR ELEVANE: Simen Staalnacke seier han tenkte på elevane og valde farge ut frå eigen smak.

Foto: Kamilla Pedersen/NRK

–Dette var mitt personlege fargevel. Meininga var ikkje å lage noko utstillingsvindauge for Moods of Norway, seier Staalnacke til avisa.

Han viser til at oppussinga er gjort med tanke på elevane, ikkje leiinga.

– Ein må høyre på kva elevane meiner. Det er morosamare å kome til ein skule med meir farge, seier den fargerike klesgründeren frå Stryn.

Ps. TV-serien Skoledugnaden skal sendast på TV Norge våren 2012.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.