Søskenpar kantra - avviste hjelp

Ein bror og ei syster i 20-åra hamna i Sognefjorden etter at dei kantra med fritidsbåten vest for Vangsnes.
Publisert 24.07.2006 20:43. Oppdatert 24.07.2006 22:50.
- Skriv ut
Politiet kalla ut både redningshelikopter og båt. Men søskenparet som sat i våtdrakter på kjølen avviste blankt hjelpa frå ekspressbåten "Fjordprins".

Redningshelikopteret vart då tilbakekalla.
Operasjonsleiar i Sogn og Fjordane Politidistrikt, Einar Vereide, seier at den same katamaranen var ute for eit liknande havari for to år sidan.
Båten vart slept til Vik, der søskenparet er heimehøyrande.
Dei to har fått ordre av politiet om å møte opp på lensmannskontoret i Vik tysdag morgon, for å forklare seg.
Politiet fekk melding om ulukka klokka 20.09 måndag kveld.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket