Hopp til innhold

Har aldri selt så mykje is i april

Månaden vi har lagt bak oss vart den varmaste april på 100 år. Det merkast også på salet av is. Aldri før har Diplom-Is selt så mykje is i april.

Barn spiser is

IS, IS OG IS: Både blant born og vaksne har det vore popuært med ein kald is i varmen i april.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

- Dette er vi strålande glade for, seier sals-og marknadsdirektør Eirik Kruse til NRK.no.

Han kan ikkje gå inn på konkrete tal på kor mange liter is eller kor mange små-is dei har selt.

- Men berre på små-is er det snakk om millionar, seier Kruse.

Varmerekord førde til is-rekord

Reklame for iskrem

POPULÆRT: Folk har kosa seg i både parkar og på brygger i det fine vêret i april. Det er godt nytt for iskremprodusenten Diplom-Is.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Det er 100 år sidan det var så varmt i april som i år. Over heile landet er det sett nye varmerekordar, og gjennomsnitts- temperaturen har vore 3,8 grader over normalen.

I det varme vêret har mange valt å kjøle seg ned med iskrem, noko som er svært godt nytt for mellom anna iskremprodusenten Diplom-Is.

- Dette er den beste april månad vi har hatt nokon sinne. Berre frå i fjor har vi hatt ein vekst på 15 prosent, seier Kruse.

Også Hennig-Olsen merkar at folk et is i godveret. Så langt i år ligg salstala 25 prosent over fjoråret.

- Eg har arbeidd med iskrem i snart 30 år, og eg har vore med på mykje trøkk. Men ikkje så tidleg i sesongen, seier avdelingssjef på Vestlandet, Bertil Syvertsen.

Trur på ny rekord også i mai

Både Kruse og salskonsulent Stig Håvik i Sogn og Fjordane meiner vêret kan ta mykje av æra for omsetnadsrekorden.

- Eg kan ikkje huske at det har vore godt vêr over ein så lang periode i april før, så det er nok heilt klart grunnen til at vi sel så bra, seier Håvik til NRK.no.

Begge håpar godvêret held fram i mai, ein månad som normalt sett plar ha dobbelt så stor omsetnad som april.

- Dersom det flotte vêret held fram trur eg vi kjem til å setje ny rekord også for mai, seier Kruse.