26.05.2012

Ope att på Vikafjellet

Det var store bilkøar og om lag ein times ventetid på ferjesambandet Mannheller-Fodnes fordi riksveg 13 over Vikafjellet var stengd. Men no flyt trafikken att.

Politiet måtte dirigere trafikken på Mannheller manuelt, fordi bilane vart ståande langt inne i Amlatunnelen i spor 1. Politiet leia trafikken over i dei andre spora ute i det fri.

 

Vikafjellsvegen stengd

På denne tida av året er det normalt stor trafikk over Vikafjellet. Vegen vart stengd av store nedbørsmengder i går, og difor må dei fleste køyre om Mannheller-Fodnes for å kome over Sognefjorden.

Vegen over Vikafjellet vert ikkje opna før tysdag morgon.