Hopp til innhold

Tenåring dømd for aktlaus køyring

Halvveges forbi bussen såg tenåringen den møtande bilen. No må han i fengsel.

Bilulukke fylkesveg 60

FENGSEL: Guten i slutten av tenåra skulle køyre forbi ein buss. No må han 18 dagar i fengsel.

Foto: Jan Ivar Vik / NRK

Ein gut i slutten av tenåra er dømd til fengsel i 18 dagar for aktlaus køyring etter at han i august i fjor krasja under forbikøyring.

Fire personar vart sende til sjukehus etter ulukka som skjedde ved Holen på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik i august i fjor. Ei eldre kvinne i den møtande bilen vart alvorleg skadd i ulukka og slit framleis med fysiske skader.

- Det er (...) ikkje (...) grov aktlause eller nokon form for grisekøyring frå tiltalte si side. (...) det er snakk om ei enkeltståande aktlaus handling der han i samband med forbikøyringa føretok ei for dårleg vurdering av situasjonen, skriv konstituert tingrettsdommar Gunnhild Grove.

Halvveges forbi

Den unge bilføraren hadde hatt førarkortet i seks og ein halv månad då han i august i fjor henta ein kamerat i Stryn. Dei to køyrde i retning Innvik då dei hamna bak ein bubil og ein buss. Det danna seg etterkvart lange køar.

Etter å ha køyrt forbi bubilen, bestemte tenåringen seg for også å køyre forbi bussen. Først halvveges forbi bussen vart han merksam på den møtande bilen og styrde bilen mot grøfta for å unngå front mot front kollisjon.

Etter samanstøyten vart tiltalte sin bil vart kasta opp i lufta og landa på taket, medan den møtande bilen trefte bussen og vart dregen bakover i bussen sin køyreretning.

Redusert sikt

Retten viser til at svingar, autovern og vegetasjon medverkar til redusert sikt på den aktuelle strekka. Det er vanskeleg å manøvrere unna om naudsynt. Vegen er merka med gul varsellinje av typen 1002-merking, som indikerer at sikta er for kort til vanleg forbikøyring.

Fjordane tingrett meiner den ferske bilisten ikkje forsikra seg godt nok om at det ikkje kom bilar i mot.

- (...) forbikøyring av ein buss på den aktuelle vegstrekninga medfører at vedkommande må vise aktsemd utover det som er normale for «kvardagsbilisten» og at situasjonen var av ein slik karakter at det påkalla «særlig aktpågivenhet» frå tiltalte si side, skriv Grove i domspapira.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Uventa fartsauke

Undersøkingar på ulukkesstaden viser at forbikøyringa ikkje ville blitt avslutta før langt inn i ein høgresving like etter kollisjonspunktet.

Tenåringen sin forsvarar, høgsterettsadvokat Svein Tømmerdal, meinte guten ikkje handla aktlaust og at trafikkulukka skuldast ei uventa fartsauke frå bussen si side. Dette fann ikkje retten haldepunkt for å ta til følgje.

Ifølgje dommen køyrde bussen i kring 75-80 km/t, medan den unge bilisten var oppe i 90-95 km/t under forbikøyringa.

Tømmerdal viste vidare til eit vitne lenger bak i køa som også ville køyre forbi bubilen. Kvinna avbraut forbikøyringa fordi ho meinte situasjonen var for uoversikteleg.

Fråteken førarkortet

Fjordane tingrett meiner tenåringen burde skjønt at ei forbikøyring kunne resultert i alvorlege skader, og faren for møtande trafikk som heldt fartsgrensa på 80 kilometer i timen.

Retten meinte politiadvokat Knut Broberg sin påstand om fengsel i 24 dagar var for streng. Allereie to dagar etter ulukka besøkte tenåringen den skadde på sjukehuset, og han har gått inn avtale om erstatningsbeløp.

I tillegg til fengselsstraffa må guten klare seg utan førarkort i eitt år og seks månadar. Til frådrag kjem tida han allereie har vore utan førarkort. Han må gjennom ny førarprøve før han igjen kan sette seg bak rattet.