Hopp til innhold

Trur ikkje japanarane sviktar Norge

Reiselivet ventar at japanarane også i år vil kome til Norge.

Fretheim hotell

TRUR SESONGEN BLIR BRA: Fretheim hotell har ikkje merka noko særleg til at japanske turistar sviktar.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Rett etter jordskjelvkatastroften råka landet, kom det avbestillingar frå japanske turistar. Men no ser det ut til at få vil droppe utanlandsreiser.

Fretheim Hotel i Flåm er eitt av dei hotella i fylket som tek mot flest japanarar. Driftsjef Anna Benedicte Nyberg seier det har vore få avlysingar.

– Vi har ikkje merka så mykje til det. Med rett etter jordskjelvet, fekk vi ein del umiddelbare avbestillingar for dei næraste vekene, seier ho.

Prøver å leve som normalt

11. mars i år skylte enorme bølgjer inn over nordaustkysten av Japan etter eit massivt jordskjelv. Over 14000 er bekrefta døde og vel 12 000 er framleis sakna.

Men fleire i reiselivsnæringa peikar på japanarane si evne til å likevel prøve å leve liva sine som normalt, sjølv om landet er råka av ei nasjonal katastrofe.

Mange kjem om hausten

Fretheim Hotel i Flåm har eit stort tal japanske besøkande. Sjølv om det er tidleg i sesongen, ser det ut til at få vil avlyse turane.

– Her på hotellet har vi ein veldig stor japansk marknad om hausten. Det er vanskeleg å seie enno, men førebels ser det veldig greitt ut.

 Hotel Alexandra i Loen

MERKAR IKKJE MYKJE: Men Hotel Alexandra har ikkje så mange japanske turistar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Heller ikkje ved Alexandra Hotel i Loen merkast det store endringar. Japanske turistar er ei mindre viktig gruppe for dette hotellet seier salsjef Elisabeth Bakken. Likevel trur ho at delar av reiselivet kan merke følgjene.

Turoperatørar seier det framleis er tidleg, og fryktar ein nedgang frå vel 15 til 20 prosent.

Trur på kjempesesong

Fleire av hotella i fylket trur uansett på ein svært god turistsesong samla sett. Ved Fretheim Hotel seier dei at tilstrøyminga blir stor.

– Vi har ei stor auke, så per i dag ser det ut til å bli ein kjempesesong for Fretheim, seier ho.