Hopp til innhold

Vil ikkje gje Havila innsyn

Sogn og Fjordane Fylkeskommune stikk kjeppar i hjula for reiarlaget Havila sitt kjøp av Møre sine Fjord- 1 aksjar.

Kommandøren

350 MILLIONAR: Havila er villege til å betale 350 millionar for Møre og Romsdal sine aksjar i Fjord1.

Foto: Fjord1

Fylkeskommunen kan vil nemleg ikkje godta fleire av Havila sine vilkår for å gjennomføre handelen.

Det skriv Bergens Tidende.

I april vedtok Møre og Romsdal Fylkeskommune å selje sine aksjar i transportselskapet Fjord1til Havila-gruppa.

No stikk usemje omkring handelen kjeppar i hjula for Havila.

Krev innsyn

Dei krev mellom anna ein grundig gjennomgong av selskapet, ein såkalla ”due diligence”, før dei vil teikne ei kjøpekontrakt, noko Sogn og Fjordane Fylkeskommune seier nei til.

I eit brev til konsernleiinga i Fjord1, skriv Fylkeskommunen at det ikkje er aktuelt å utlevere informasjon om verksemda til ein mogleg kjøpar.

LES MEIR: Vil betale 350 millionar for Fjord1-aksjar

Sogn og Fjordane Fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane i Fjoprd1 i dag, og er dermed største eigar.

LES MEIR OM FJORD1 HER


Dei kan velje å bruke forkjøpsretten, bryte Havila sitt bod på aksjane, og bli eineigar av Fjord1.

Uklart

Vidare krev den potensielle kjøparen, Havila, ein aksjonæravtale med Sogn og Fjordane Fylkeskommune før dei forpliktar seg til aksjekjøpet.

Heller ikkje dette vil Fylkeskommunen gå med på med det første.

- Om det er aktuelt å forhandle med Havila om ein slik aksjonæravtale, og om det er mogleg å oppnå ein avtale er uklart, skriv fylkesrådmann Jan Øhlckers i brevet til Fjord1.