Filmen, som på engelsk har fått tittelen «Turn me on, God damn it», har førdejenta Helene Bergsholm i hovudrolla.
- LES OGSÅ:
Det er Jannice Systad Jacobsen som har regissert filmen, som er basert på boka «Få meg på for faen» av Olaug Nilssen frå Førde. Det var første gong ein norsk film var tekn ut til hovudkonkurransen i den prestisjetunge filmfestivalen.
- Det er ei fantastisk kjensle å vinne pris for beste manus i ein by, og filmhovudstad, utan samanlikning. Vi er ein utruleg glad gjeng som er på fest no, jublar produsent Brede Hovland.
Håpa på pris
Filmen var mellom 12 av 5 000 innsende filmar som kom gjennom nålauget for å konkurrere om prisar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
I tillegg til nominasjon for beste manus, var Få meg på for faen også nominert i kategoriane beste hovudrolle og beste film under Tribeca filmfestival.
- Vi hadde håpa på å få ein pris, men ikkje kva pris. Vi er utruleg glad for å få denne prisen. Det er ein pris som seier at hovudgrunnlaget, manuset, er kjempebra, seier Hovland.
(Artikkelen held fram under TV-innslaget)
Kvalitetsstempel
«Få meg på for faen» er Systad Jacobsen sin langfilmdebut og vert skildra som ei humoristisk og hemningslaus fortelling om tenåringskåtheit og opprør. Det norske kinopublikumet må vente til august med å sjå filmen.
Produsent Hovland vonar at prisen kan vere med å fylle kinosalane i det langstrakte landet. Mellom stikkorda i den amerikanske juryen si grunngjeving var frisk, nyskapande og ærleg.
- Dette er eit veldig bra kvalitetsstempel, som gir oss rom for å halde fram det vidare arbeidet med filmen i Norge, seier han.
Vil ikkje heim
Hovudrolleinnehavar Helene Bergsholm tykte også det var stor stas å få vere med på både prisutdelinga og feiringa.
- Det er kjempegøy og stort å vinne pris. Det blir litt rart å komme heim. Eg kunne godt tenkt meg å vore her lenger, ler ho.
Høyr henne i Kulturnytt: