Hopp til innhold

Handsyklar Norge på langs

I dag gjekk startskotet for ein uvanleg Norge på langs-tur. Per Christian Brunsvik frå Måløy skal nemleg gjennomføre den strabasiøse turen ved hjelp av handsykkel.

Per Christian Brunsvik

UT PÅ TUR: I dag starta Per Christian Brunsvik på den lange turen mot Nordkapp.

Foto: Tore Aasen Øderud /Norges Idrettsforbund

Per Christian Brunsvik

TRAKKAR MED HENDENE: Per Christian Brunsvik starta i dag turen til Nordkapp. Biletet er teke i lunsjpausen i dag.

Foto: Tore Aasen Øderud

Turen er ein del av ein landsomfattande aksjon som Idrettsforbundet har for å få fleire funksjonshemma i aktivitet.

Brunsvik blei spurt om å vere på turen til Nordkapp og har trena i heile vinter. No ventar langt over 2500 kilometer langs vegen saman med Steinar Andreassen Jensen frå Skogn.

40 år gamle Brunsvik blei alvorleg skadd i ei skiulukke då han var 19. Eit freestryle-hopp gjekk gale og han brakk rygggen. Ryggmargsskaden gjorde han lam i begge beina.

Men 20 år i rullestol har ikkje hindra Brunsvik frå å vere svært aktiv. Han trenar mykje og var mellom anna med i serien Ingen Grenser med Lars Monsen.

Viktig med mental trening

I føremiddag starta turen frå Lindesnes, og så langt har det gått bra.

– No har vi sykla 26 kilometer og kome godt i gang. Det har gått som ein draum, men flott ver og god temperatur. Vi har starta roleg og fått varme i kroppen, fortel han.

Totalt skal dei handsykle 40 kilometer i dag. Han har førebudd seg både fysisk og mentalt til denne turen. Brunsvik trur at deltakinga i Ingen grenser vil hjelpe han.

– Det er lett no i starten med iver og godt ver. Vi veit det kan bli tøffare etterkvart og vil nok kjenne på tunge og strabasiøse dagar. Då er det viktig at hovudet er med oss, så difor har eg jobba ein del mentalt. Eg vil ta med meg dei erfaringane eg fekk då eg var på tur med Lars Monsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinar Andreassen Jensen og Per Christian Brunsvik

TRUR DEI KLARAR DET: Per Christian Brunsvik og Steinar A. Jensen har trena mykje for å vere best mogleg rusta til turen.

Foto: Norges idrettsforbund

Overnattar i bubil og telt

I over to månader framover ventar dagsetappar på mellom 20 og 70 kilometer. På turen blir det ein del arrangement i tilknytning til rekrutteringskampanjen.

– Vi skal desverre ikkje sykle innom Vestlandet og Sogn og Fjordane. No går turen til Oslo, før vi syklar oppover Gudbrandsdalen.

Dei to karane har med seg to andre som syklar på vanleg sykkel. Undervegs skal dei overnatte i ein campingbil, i telt og av og til på hotell. Dei passar på å ete rett mat for å få nok energi.

Trur dei når målet

Han har ikkje høyrt om andre som har gjort noko liknande før.

– Det er nokre som har handsykla Trondheim - Oslo, men vi har ikkje funne ut at nokon har teke turen Norge på langs før på denne måten.

Målet er å vere framme på Nordkapp 30. juni. Brunsvik har trua på at dei klarer det.

– Ja, det trur eg. Dersom vi unngår skader og sjukdom, så når vi Nordkapp.

Norge på langs i rullestol - støtteapparatet

STØTTEAPPARATET: Bak f.v. Tore Aasen Øderud (Norges idrettsforbund), Stig Andreassen (sjåfør og alt-mogleg-mann), sambuarparet Rita Andersen og Arne Fagerlie (som syklar frivillig saman med Steinar og Per Christian, desse to gjekk Norge på langs i 2010), Per-Einar Johannessen (fagkonsulent og prosjektleiar for Rekruttering Norge på langs i Norges idrettsforbund.

Foto: Norges idrettsforbund