Hopp til innhold

Damer måtte ha hjelp ned frå fjell

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Eit helikopter måtte fredag kveld hente ned to damer frå Nyastølseggi i Fjærland kveld.

Operasjonsleiar Nils Erik Eggen seier at dei ikkje kom seg ned igjen på eiga hand.

– Dei to kvinnene er på skitur og har blitt skadde. Men det er ingen dramatikk i dette og det står etter forholda bra til med dei, sa Eggen til NRK.no i 18-tida langfredag.

Luftambulansen frå Førde var då på veg for å hjelpe dei to ned igjen, etter at politiet fekk melding om hendinga i 17-tida.

Klokka 19.24 var begge henta ned frå fjellet. Dei skal ha begge ha hatt smerter i knea, men elles ha vore i fin form.