Hopp til innhold

Nordfjordingane med tvilsam rekord

Video Nordfjordingane størst fare for å mista straumen

No er det størst fare for å få straumstans i Nordfjord.

Nordfjordingane har størst fare for å mista straumen her i landet. Ein tvilsam rekord dei deler med sunnmøringane.

Det viser ein fersk rapport frå Statnett.

Fryseanlegget til Norway Pelagic nyttar straum tilsvarande 10 tusen heimefrysarar.

Avhengige av straumforsyning

Hundrevis av tonn med fisk blir pakka og djupfrose for vidaresendeing kvar dag i sesongen. Verksemda Norway Pelagic er difor heilt avhengige av straumforsyning.

Helge Blålid

BEKYMRA: Helge Blålid, teknisk direktør i Norway Pelagic.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Straumnettet i fire Nordfjordkommunar og på Sunnmøre har den dårlegaste driftstryggleiken i landet, viser ein ny rapport frå Statnett. I nærare 250 døgn var belastninga så stor at berre ein liten feil skulle til før straumnettet gjekk i svart.

Den 7.april 2011 var straumen vekke på heile Sunnmøre. I kraftbransjen er dei urolige for situasjonen, sidan det ikkje er stor nok linjekapasitet sørover frå Sunnmøre mot Sogn.

– Er det ei nestenulykke, så er det veldig urovekkande ja.

Det seier Helge Blålid, Teknisk direktør i Norway Pelagic.

Mange motstandarar

Magne Øyre

ØNSKJER SJØKABEL: Magne Øyre ønskjer sjøkabel på kysten.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Statnett meiner det no hastar med å få bygd lina frå Fardal til Ørskog, men mange har vore imot den planlagte kraftlina. Magne Øyre er ein av dei som har vore for sjøkabel.

– Viss eg hadde fått bestemme, hadde eg ville hatt den på kysten i sjøkabel, seier Øyre.

Det seier Magne Øyre. Også han er samd i at situasjonen er prekær, men meiner sjøkabel ikkje hadde forseinka prosjektet dersom det hadde vore planlagt frå starten av.

Situasjonen for Nordfjord og Sunnmøre kjem til å vere slik heilt fram til dei får bygd den nye lina mellom Fardal og Ørskog.

Straum til trafostasjon Giskemo i Ørskog

Straum til trafostasjon Giskemo i Ørskog

Foto: NRK