Hopp til innhold

Dette er den første Vidre-bussen

I Stryn var det kakefest i dag, då bussfabrikken Vidre markerte opning.

Video Første bussen til nye Vest Buss

NETT-TV: Bussfabrikken Vidre hadde formell opning i dag, torsdag 14. april 2011. Foto: Jan Ivar Vik

Vidre har tatt over etter at Vest Buss måtte legge ned før jul i fjor. På opningsdagen leverte selskapet også sin første buss til Fjord1.

– Vi har hatt fest og omvisning for kundar og samarbeidspartnarar. Det var også stort å levere ifrå seg den første bussen, seier dagleg leiar Jan-Rune Heimlid.

Hundre personar mista jobben

GB Drift vart etablert 4. januar og tok over produksjonsmidlar, konsept og tilsette frå Vest Buss Industri. Selskapet som no endrar namn til Vidre er dotterselskap av Gode Busser Holding.

Hundre personar mista jobbane sine då Vest Buss gav opp ånda i fjor haust, men det nye selskapet kom seg fort på føtene.

– Vi har tilsett 58 personar i det nye selskapet. Det er ein tøff bransje, så vi må gjere ein god innsats framover. Vi må legge ein god strategi, seier Heimlid.

Optimisme i Stryn

Produksjonen av dei første bussana starta i byrjinga av februar. I dag leverte Vidre den første bussen, som var bestilt av Fjord1 Møre.

– Det er optimisme i Stryn no. Vi har planar om å produsere rundt 50 bussar i året, seier Heimlid.