Uvisse om nye bjørnespor

Bjørnespora som vart funne tidlegare i sommar.
Foto: Arne Eithun/NRKDet vart funne spor som kan vere ferske bjørnespor i Jostedalen laurdag morgon.
Publisert 24.07.2006 09:35.
- Skriv ut
Det var ein bonde som fann spora i nærleiken av Tuftebreen i Krundalen. Han var også i same området torsdag kveld, og ifølgje Sogn Avis er han trygg på at spora ikkje var der då.
I tillegg fann bonden fleire lam som truleg er morlause.
Rovviltkontakt fann ikkje spor
Avisa skriv at rovviltkontakt Einar Fortun har stadfesta at det er bjørnespor, men Fortun avviser dette. Han seier han no har vore på staden bonden meiner han såg spora, men kunne ikkje finne noko.
Fleire bønder i Jostedalen har i helga leita etter nye sauekadaver, utan resultat.
Nytt fellingsløyve?
Arne Bjørk i Jostedalen sankelag seier Fylkesmannen vil gje nytt fellingsløyve dersom dei finn sikre prov på at bjørnen framleis er i området .

















Sol og sommar i fylket