26.05.2012

Sogndal slo Kongsvinger

Sogndal vann 2-0 over Kongsvinger på Fosshaugane søndag kveld. Håvard Flo og Anders Stadheim scora for Sogndal.

- Desse tre poenga var veldig viktige for oss, seier Stig Nord. Sogndal har spelt mange og harde kampar i den siste tida, og han ser fram til eit rolegare kampprogram framover.

- Vi har vore slitne no, både mentalt og fysisk. Så eg er imponert over den innsatsen spelarane legg igjen her.

På kvalifiseringsplass

Med denne sigeren gjekk Sogndal forbi Bodø/Glimt, og ligg no på kvalifiseringsplass i 1. divisjon med 28 poeng - fire poeng bak Strømsgodset på andreplass.

Lyn interessert i Stadheim

Torgeir Bjarmann og Henning Berg, sportsdirektør og trener i Lyn, var på plass og såg kampen mot Kongsvinger. Bjarmann ønskjer ikkje å røpe kven han heldt mest auge med. Men etter det NRK kjenner til, skal Lyn vere interessert i  Anders Stadheim.