Hopp til innhold

Kapra fire av fem medaljar

Delegasjonen frå Førde bogeskyttarklubb henta heim fire av fem moglege medaljar i Bodø.

Førde bogeskyttarklubb

MEDALJAR: Førde bogeskyttarklubb henta heim fire av fem moglege NM-medaljar. Frå venstre Ole Magnar Stein, Tommy Gryttingslien, Runa Gjerland, Magnus Pilskog Stein og Bjørnar Burdahl.

Foto: Terje Gryttingslien

Bogeskyttarklubben har tjue medlemer, der 12 er aktive konkurranseskyttarar. Med tilgang til berre fire treningstimar i veka, markerte klubben seg kraftig under helgas NM i Bodø.

- Vi hadde håpa på ei medalje eller to, kanskje ei gullmedalje, men å sitte att med fire medaljar var kanskje litt i overkant, vedgår Ole Magnar Stein.

Debuterte med sølv

Sjølv tok Stein sølv i klassa recurve herrer 50+. Same valør vart det på Magnus Pilskog Stein i recurve herrer senior og debutant Runa Gjerland i recurve kadett.

15-åringen har drive med bogeskyting i halvanna år. Finalen tapte ho 2-6. Magnus Pilskog Stein tapte sin finale 4-6.

- Det er første gong Runa konkurrerer inne. Ho hadde ikkje noko god innleiing i går, men viser at ho taklar å stå under press, seier Stein.

Bronse til Gryttingslien

Tommy Gryttingslien tok bronse i recurve kadett for gutar. I tillegg vart Bjørnar Burdahl nummer seks i klassa Trad herrer senior.

Gryttingslien har tidlegare vunne NM innandørs.

- Både Tommy og Runa er nye i klassa. Dei skyt på mindre skiver enn før og møter møter eldre konkurrentar. Dei klarte seg veldig bra, seier Stein.

Lenge sidan sist

Med 1 555 poeng vart Førde åttande beste klubb i meisterskapen. Samtleg av dei fem utøvarane enda på poengplass.

- Vi er veldig nøgde med laginnsatsen. Vi var med i tre gullfinalar, men diverre gjekk det ikkje vegen for nokon. Eg trur det er lenge sidan Førde bogeskyttarklubb gjorde eit like godt medaljemessig innandørs-NM, avsluttar Stein.