Hopp til innhold

Nye sex-skuldingar i Frp

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik satt i går i samtale med ei kvinne som hadde eit leiande verv i eit lokallag, som seier ho blei sex-trakassert av eit partimedlem.

Harald Fagerstrand jr., Kari Knævelsrud, Ørjan Tystad, Turid Vassliås Borgund og Frank Willy Djuvik

KRISEMØTE: Harald Fagerstrand jr., Kari Knævelsrud, Ørjan Tystad, Turid Vassliås Borgund og fylkesleiar Frank Willy Djupvik sat i går kveld i møte om saka.

Foto: Anna Wuttudal, Fjordabladet

Dermed er også Sogn og Fjordane Frp trekt inn i ei av dei mange sex-skandalene som pregar mediebiletet for tida. Det skal vere snakk om to vaksne personar.

Frank Willy Djuvik

MÅ RYDDE OPP: Fylkesleiar i sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik skal kome i botn av ei ny sex-sak.

Foto: FrP

Saka blei først varsla allereie for fire år sidan, og kvinna i Eid Frp kontakta då fylkeslaget i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal, samt ordføraren i kommunen der kvinna var busett. Det skriv BT.

- Det gjeld ein påstand om uønska seksuelle tilnærminging i ein periode frå 2004 til 2006, seier Frank Willy Djuvik til NRK Sogn og Fjordane.

Dette kjem fram dagen etter ein Frp-politikar i Møre og Romsdal trekkjer seg etter liknande anklager.

Uklart kven som har visst

Djuvik skal sjølv ha kontakta kvinna for å finne ut kven som var informert om saka.

- Korleis har denne saka kome for dagen no?

- Saka har kome for dagen gjennom at media har varsla nokre av våre medlemmer, som igjen har teke kontakt med meg.

- Kven har visst om det tidlegare?

- Det er littt uvisst framleis. Me prøver å finne ut kven som har visst om det, og korleis dei har handtert informasjonen, seier Frank Willy Djuvik til NRK.no.

Frank Willy Djuvik seier at dette var ny informasjon for han då han fekk vite om det for nokre dagar sidan, og presiserer at det førebels berre er snakk om påstandar.

- Det ligg lite konkret informasjon i påstandene. Difor er det viktig at me fokuserer på å verne om identiteten til dei det gjeld fram til ein har mykje meir handfast informasjon, seier Djuvik.

Kvinna ikkje medlem

Mannen som er anklaga er framleis medlem av Frp i dag, medan kvinna som har kome med anklagane har meldt seg ut på eit tidlegare tidspunkt.

Djuvik seier det er uvisst uvisst om sex-beskuldningane er grunnen til at kvinna meldte seg ut av partiet.

BT skriv at Djuvik varsla medlemer av arbeidsutvalet i fylket, stortingsrepresentant Åge Starheim og nestleier Lars Kjølen med ein gong han fekk vite om saka.

Fylkeslaget vil i dag jobba med å samanfatte all informasjon om saka, og vil kome med eit skriv til partileiinga sentralt, der han gjer greie for den påståtte sex-trakasseringssaka.

– Må gripast tak i lokalt

Andre nestleiar Per Arne Olsen i Framstegspartiet seier at påstandane om seksuell trakasering burde vore gripe fatt av partiet lokalt.

– Det er viktig at det blir teke tak i påstandar om uønska aktivitet, anten det er sjikane eller at ein viser for stor interesser for nokon som ikkje ønskjer det. Slikt må gripast tak i lokalt, for det er det ein kjenner personane og kan sjekke fakta.