Hopp til innhold

Hammer MC blir til Hog Riders MC

Motorsykkelklubben Hammer MC i Florø har blitt ein del av Hog Riders MC, ein klubb som ifølgje politiet har medlemmer som er kjende for for å drive med kriminalitet både i Norge og i resten av Norden.

Hog Riders MC Florø

NYTT SKILT: Hammer MC-skilta er bytta ut med Hog Riders MC-skilt.

Foto: Simon Solheim / NRK

For nokre veker sidan vart Hammer MC fullverdige brør i Hog Riders MC - ein motorsykkelklubb som er opne om at dei støttar Hells Angels.

Hammer MC si støttegruppe på Facebook, med nærare 1600 tilhengjarar, byte kort tid etter namn til «Support Hog Riders MC Florø».

Har tre avdelingar i Norge

Hells Angels-jakkemerke

81-MERKET: Dette merket er på vestane til medlemmer i Hells Angels sine offisielle støtteklubbar i Norge.

Foto: privat

Hog Riders MC har tre avdelingar i Norge: Stavanger, Bergen og no Florø. I tillegg har Hog Riders avdelingar i mellom anna Sverige, Danmark og på Island.

Både i Bergen og Stavanger følgjer politiet motorsykkelklubben tett på grunn av dei tette bånda til Hells Angels.

Politioverbetjent Lars Morten Lothe ved Bergen Vest politistasjon seier dei gjer det dei kan for å stikke kjeppar i hjula for klubben. Dei vil unngå at Hog Riders blir knytt tettare til Hells Angels.

– Vi er til stades på alle møter og MC-treff, og kontrollerer dei som er der. Vi følgjer dei tett og har dei godt under oppsikt. Klubben gjer alt dei kan for å bli kvitt oss, seier Lothe til NRK.no.

Hog Riders MC Bergen tok i fjor til seg medlemmene i Union MC som tidlegare har hatt tett kontakt med Hammer MC i Florø. Union MC bestod av rundt ti medlemmer, og ifølgje politiet i Bergen er dei fleste straffedømde.

Eit av medlemmene (47) har nylig sont ein narkotikadom på fem år og seks månader.

Eit anna medlem (47) vart dømd til åtte månader fengsel i den same saka. Ifølgje Lothe er fleire av dei også dømd for vald, mellom anna mot politiet.

I førre veke gjennomførte politiet ein razzia mot Hog Riders sine lokaler i Bergen, og to medlemmer vart varetektsfengsla sikta for alvorlege narkotikalovbrot.

Har Hells Angels-merker på vestane

Hammer MC har nekta å la seg intervjue av NRK, men dei har avvist at dei sympatiserer med Hells Angels. Den kriminelt belasta motorsykkelklubben har nyleg fått 28 nye støtteklubbar her i landet.

Hammer MC var blant desse klubbane, ifølgje dokumentasjon som NRK Brennpunkt har fått tak i.

NRK har også fått tak i bilete av medlemmer i Hammer MC som har «Support Club 81»-merket på skinnvesten. På dei nye Hog Riders-vestane er også 81-merket påsydd.

Dette merket knyter dei til Hells Angels, sidan det berre er medlemmer i klubbar som formelt er tilknytt den kriminelt belasta motorsykkelklubben som får bære det ruterforma merket.

– Dei er ikkje snille gutar

Politiinspektør Tore Salvesen i Hordaland politidistrikt seier politiet i Sogn og Fjordane må vere på vakt, og jobbe mot motorsykkelklubben.

– Når Hammer MC har blitt eit Hog Riders-chapter og har sympatisert med Hells Angels over tid, så er det ikkje bra. Vi veit at det skjer mykje kriminalitet i desse miljøa sjølv om vi i politiet ikkje oppdagar det. Etter mi vurdering kan situasjonen i Florø bli svært alvorleg, seier Salvesen til NRK.no.

– Vi veit at desse klubbane driv med kriminell verksemd. Det viser statistikken både i Norge, Danmark og i resten av verda. Vi er blåaugde viss vi trur det motsette.

Korleis kan de vite det?

– I dette arbeidet må vi ikkje kvile eller vere naive og godtruande. Vi må ikkje tru at dette er snille gutar som vil samfunnet vel. Det ligg i saka sin natur at det er mykje kriminalitet i dette miljøet, svarar Salvesen.

(Artikkelen held fram under biletet)

MC-treff Bergen

PÅ VAKT: Politiet var ekstra på vakt, mellom anna gjennom trafikkontrollar, ved MC-festen til Hog Riders i Bergen i februar.

Foto: Kjetil Rydland/NRK

Tek i bruk alle lovlege middel

Politioverbetjent Lars Martin Lothe seier politiet i Bergen tek i bruk alle lovlege middel i kampen mot støtteklubbane til dei kriminelt belasta motorsykkelklubbane. På ein MC-fest i februar sette politiet opp ein trafikkontroll for å kontrollere alle som var på festen.

– Hog Riders er heilt opne om at dei støttar Hells Angels, og dei har sjølve uttalt at dei er ein 1-prosentklubb, seier Lothe.

Kva tenkjer du om at Hammer MC i Florø har blitt Hog Riders MC Florø?

– Det er svært interessant, svarar Lothe.

Politiet: – Bekymringsfullt

Stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon

POLITISJEF: Robert Veseth er politistasjonssjef ved Flora politistasjon.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Politistasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon seier det er bekymringsfullt at motorsykkelklubben i Florø sympatiserer med den kriminelt belasta motorsykkelklubben.

– Vi har registrert at dei har skifta namn og at dei har fått på seg eit support-merke for Hells Angels på vestane sine. Det er urovekkande når vi veit kva Hells Angels står for, seier Veseth til NRK.no.

Veseth vil ikkje seie om dei gjer konkrete tiltak rundt Hog Riders MC Florø, eller om dei har planar om det i framtida. Veseth seier at politiet ikkje har hatt noko spesielt med motorsykkelmiljøet i Florø å gjere det siste året.

Han fortel på generelt grunnlag at dei følgjer klubben og medlemmene på lik linje med andre i samfunnet, og at dei er opptekne av å bekjempe kriminalitet i alle delar av samfunnet.

Medan fleire andre politidistrikt har erklært ein open krig mot 1-prosentklubbane, er politiet i Sogn og Fjordane litt meir forsiktig:

Korleis vi opptrer og korleis vi jobbar vil eg ikkje gå ut offentleg med, seier Veseth.

Politiinspektør Tore Salvesen seier dei har plikt til å følgje motorsykkelklubben:

– Det er tenesteforsømming å ikkje følgje dette miljøet. Hog Riders har tette band til Hells Angels, ein klubb som er anerkjent av både nasjonale og internasjonale myndigheiter som ein kriminelt belasta organisasjon. Det er politiet si oppgåve å følgje med på slike grupperingar, seier Salvesen.

Vil ikkje kommentere

NRK har fleire gonger sidan fredag gitt Hog Riders MC Florø høve til å kommentere saka. Dei har også fått lese gjennom artikkelen før publisering.

Måndag gjorde NRK eit intervju med eit sentralt medlem som ville snakke på vegne av klubben, men han trekte intervjuet seint måndag kveld.

Natt til tysdag sende talspersonen til Hog Riders MC Florø ein e-post til NRK Sogn og Fjordane med ein kommentar til NRK.no si dekking av deira band til Hells Angels.