Hopp til innhold

Undersøking av vogntogulykka

Transportselskapet Bring jobbar no med å finne ut kva som hende då hengaren til eit vogntog hamna i fjorden ved Skarstein på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik

Lastebil av vegen mellom Olden og Innvik

AV VEGEN: Hengaren til dette vogntoget hamna i fjorden

Foto: NRK.no-tipsar

Natt til fredag hamna hengaren til eit vogntog i fjorden ved Skarstein mellom Olden og Innvik på fylkesveg 60. Ingen personar vart skadde i uhellet, men det er no satt ned ei gruppe som skal undersøke årsaka til ulykka.

LES OGSÅ: Her gjekk det veldig gale

Hadde flaks

– Vegen har fått tydelege skadar etter ein hard vinter, og det var heller ikkje gode køyreforhold. Der uhellet skjedde er det ikkje rekkverk, så ein skal vere glad at det ikkje vart ei større ulykke seier administrerande direktør i Bring Logistics Nettlast AS, Olav Erling Bleken.

Bleken fortel at denne saka har fyrsteprioritet, og dei har svært gode rutiner for håndtering og oppfylging av slike saker.

Vogntoget var nytt

– Vi jobbar no med å finne ut kva som hende. Det er uklart kva årsaka er, og ei gruppe skal saman med sjåføren gå igjennom køyreruta.

Før Bleken kan uttale seg meir, vil han undersøkje kva som har hendt.

- Vogntoget var eit halvt år gamalt og hengaren som hamna i fjorden var ny. Sjåføren har forklart kva han opplevde, og ingenting tyder på at han har handla gale, fortel Bleken til NRK.no.