Hopp til innhold

Fortvilar over stengde vegar

Verksemda Brødrene Aa i Hyen fortvilar på grunn av stengde vegar.

Snøskred mellom Sandane og Hyen

RAS: Det har gått ei rekkje ras mellom Sandane og Hyen i vinter. No er vegen stengd igjen.

Foto: NRK.no-tipsar

Sidan måndag har halvparten av dei tilsette ved båtbyggarverksemda ikkje klart å kome seg på jobb på grunn av stengd veg mellom Hyen og Sandane.

Skapar store konsekvensar

Fylkesveg 615 i Gloppen kommune har vore stengd på grunn av ras og fare for ras. Dagleg leiar i Brødrene Aa Tor Øyvind Aa manglar i dag 38 tilsette, noko som får konsekvensar for drifta.

– Vi har ein båt som ligg til kai som skulle vore klar og sendt avgarde denne veka. Eg veit ikkje om vi klarar det, seier Aa til NRK.no.

Vegstenginga skapar store konsekvensar for Brødrene Aa. Dei tapar store summar på at folk ikkje kjem seg på jobb.

– Det er vanskeleg å planlegge når halve arbeidsstokken ikkje kjem på jobb. Fylkeskommunen burde sett opp ei båtrute sidan vegen har vore stengt i så mange dagar. Folk kjem seg jo verken fram eller tilbake, seier Aa.

– Vi må jo varslast

Men samferdselsdirektør Velaug Veum, seier dei må varslast før dei kan setje i verk tiltak.

– Vi må få eit varsel om at behovet er der, seier Veum til NRK.no.

– Men er de ikkje pliktige til å få folk fram?

– Jo, det kan du sei. Men når store delar av vegane i fylket er stengde. så må vi få varsel om kva konsekvensar dei ulike vegstengingane får, for dette er ikkje noko vi har oversikt over, svarar Veum og legg til:

– Vi er ikkje kjent med kor mange arbeidarar som jobbar på den eine eller andre sida av eit ras. Eller eventuelt skuleborn som ikkje kjem seg på skulen. Dette er det kommunane som har oversikt over, og må varsle vidare til oss.