Hopp til innhold

Ferjelemmen i fjorden - E39 stengt

Ferja mellom Lavik og Oppedal er ute av drift fordi ferjelemmen har ramla i sjøen i Lavik.

Ferjelemmen i fjorden på E39 ved Lavik

I FJORDEN: Fjerelemmen ved Lavik har hamna i fjorden.

Foto: NRK.no-tipsar

Det var like etter avgangen frå Lavik klokka elleve at ferjebrua fall i sjøen.

– Vi var eit par meter frå land då den ramla ned, seier kaptein Knut Skaår på ferja MF «Gloppen».

Han seier at halve lemmen heng ned i sjøen. I byrjinga av februar blei det også problem på ferjekaien då heile lemmen fall ned.

Fjord1 ventar på at mannskap frå Statens vegvesen skal kontrollere ferjelemmen.

Ferja går no til og frå Rysjedalsvika. Første avgong derifrå vert klokka 12.30, deretter 13.30 og 14.30. Avgangane frå Oppedal er på same tid.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.