Hopp til innhold

Pasientar vil ikkje til Førde

Stadig fleire pasientar frå Nordfjord snur ryggen til Sentralsjukehuset i Førde og vil heller til Volda eller Ålesund. Bakgrunnen er sterk frustrasjon mot leiinga i Helse Førde.

Førde sentralsjukehus

VIL IKKJE HIT: Kommunelegen i Eid og ein klinikksjef i Volda, seier at mange pasientar heller vil til Volda.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Klinikksjef Knut Nautvik ved kirurgisk klinikk ved sjukehuset i Volda seier dei har fått fleire pasientar frå Nordfjord i det siste

Fastlege Einar Sandven

NEKTAR Å REISE TIL FØRDE: Fastlege Einar Sandven seier at mange ikkje vil til Førde.

Foto: Øystein Torheim

– Det er tydeleg at stadig fleire pasientgrupper melder seg på og vil ha behandling hos oss, seier han.

Den omfattande sentraliseringa av sjukehustilbodet i fylket har ført til sterkt frustrasjon i Nordfjord. Kommunelege i Eid, Einar Sandven, seier at mange ikkje ønskjer å reise til Førde.

– Mange pasientar seier at dersom dei ikkje får komme til Nordfjord sjukehus, så vil dei til Volda eller Ålesund.

Ser ingen dramatikk

Hans Johan Breidablikk

INGEN DRAMATIKK: Hans Johan Breidablikk seier at dei ikkje har merka store tal hittil av at pasientar ikkje vil til fleire.

Foto: Helse Førde

Helse Førde vil mellom anna leggje ned både føde- og ortopeditilbodet i Nordfjord. Frustrasjonen er no så stor at pasientane rett og slett nektar å la seg operere eller behandle i Førde, seier Sandven.

– Desverre er det blitt slik at Førde sentralsjukehus har blitt forbunde som ein plass som nordfjordingar ikkje vil reise til.

Men fagdirektør i Helse Førde Hans Johan Breidablikk ser på si side ingen dramatikk i saka.

– Det har ikkje blitt så store tal ut av det hittil, så får vi sjå om det blir noko meir, seier han.

Provoserer folk

Sandven meiner Breidablikk sjølv med mange kontroversielle utspel har bidrege til at nordfjordingane ikkje vil la seg behandle i Førde.

– Det er ikkje så lenge sidan vi fekk uttale som samanlikna Nordfjord sjukehus som ein geriatrisk pasient låg på respirator. Den slags uttale provoserer jo i ganske stor grad.