Hopp til innhold

Ambulansesjef: – Vi har vurdert å evakuere eldre, sjuke og gravide

Uvêr, ras og vegsteningar har sett beredskapen i Sogn og Fjordane på prøve.

Video Ambulansesjef: – Vi har vurdert å evakuere eldre, sjuke og gravide

EVAKUERING: Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, seier dei har vurdert å evakuere gravide, sjuke og eldre frå bygder som har stått i fare for å verte isolerte.

– Vi har vurdert om det har vore naudsynt å evakuere ut eldre og sjuke i områder som har vore isolerte, seier ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde til NRK.

Denne veka har naturkreftene vist stor styrke i Sogn og Fjordane. Eit hus har blitt knust av ras, to er omkomne og over 30 vegar har vore stengde berre i fjordfylket.

Vanskeleg situasjon

Ambulansesjefen i Helse Førde seier uvêret og vegstengingane har gjort situasjonen for ambulansetenesta vanskeleg. Han seier dei har vurdert å evakuere gravide, sjuke og eldre frå bygder som har stått i fare for å verte isolerte.

– Det har vore utfordrande no når uvêret har herja. Vi har hatt tett dialog med andre naudetatar og samarbeidspartnarar, og vi har vore i fleire møter for å vere best mogleg bydde på dei fleste utfordringar, seier Sægrov til NRK.

Han fortel at helseføretaket har oppretthaldt ordinær beredskap, men at dei har kartlagt situasjonen time for time.

– Folk i Sogn og Fjordane er vande med at vi ikkje kan gjere noko med vêret. Vi gjer det vi kan for at folk skal komme fram til lege og sjukehus, seier Sægrov.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras over E39 i Våtedalen

RAS: E39 i Våtedalen har vore stengd fleire gonger denne vinteren.

Foto: Tor Erik Hoddevik

Vanskeleg for helikoptera

Enktelte områder med stor rasfare har skapt store utfordringar for ambulasesjefen.

– Enkelte områder har vore vanskelege. Vi har heile tida følgt med på kva vegar som er stengde og kva vegar som kan bli stengde, seier Sægrov.

Uvêret har også sett helikopterberedskapet ut av spel. Sea King-helikopteret som vart sendt til rasområdet der eit hus vart knust i Balestrand, kom seg så vidt fram i det dårlege vêret. Sægrov fortel at luftambulansen i Førde også har hatt problem.

– Beredskapen vår tek alltid hensyn til at helikoptera ikkje kan komme fram. Då er det viktig at vi er i dialog med brannvesen, politi, Røde Kors og Sivilforsvaret. Vi meiner det har vore god beredskap dei fleste stadene i fylket, seier Sægrov.

NETT-TV: Fryktar for snøfaste vogntog

Video Fryktar snøfaste vogntog

NETT-TV: Vogntog som køyrer seg fast på vintervegane har skapt problem.