Hopp til innhold

Ein person funnen omkomen i raset i Balestrand

Hjelpemannskap har funne ein person omkomen etter raset i Balestrand.

Video Død person funne i Balestrand

NETT-TV: Ein person er funnen omkomen i raset i Balestrand.

– Vi kan stadfeste at ein person er funnen omkomen i elveløpet om lag 300 meter nedanfor huset som vart tatt av raset, seier pressetalsmann Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Held fram søket

– Fokuset framover er å finne den andre personen som er sakna. Vi konsentrer oss om å søkje i området rundt funnstaden, seier Eggen til NRK.no.

Han trur personen som ikkje er funnen kan vere i det samme området. Han kan fortelje at personen vart funne rett før klokka 13.

– Er det mann eller kvinne som er funnen?

– Personen er ikkje identifisert, så det kan eg ikkje seie noko om enno, svarar Eggen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Innsatsleiar Geir Harkjær ved Sogn og Fjordane politidistrikt

INNSATSLEIAR: Geir Harkjær ved Sogn og Fjordane politidistrikt koordinerer arbeidet på staden.

Foto: Steinar Lote / NRK

Vart funnen av Røde Kors

Innsatsleiar Geir Harkjerr ved Sogn og Fjordane politidistrikt koordinerer redningsarbeidet på staden. Han seier dei vil halde fram leitinga med full styrke.

– Vedkommande vart funne av eit søkjelag frå Røde Kors. Vi held fram med leiting etter person nummer to, og vi håpar vi vil finne vedkommande relativt fort, seier Harkjerr.

– Kor lenge kan vil de halde fram med leitinga?

– Vi vil i alle fall halde fram til det blir mørkt. Vi vil vurdere dette forløpande, men per no trur eg ikkje vi kjem til å halde fram leitinga i mørket. Vi veit ikkje om det kan gå nye ras, for det er stor rasfare i området, svarar Harkjerr.

Starta søk i føremiddag

Redningsarbeidarane gjekk ved 11-tida inn i området, og redningshundar har drive søk i ruinane og i rasområdet.

Bustadhuset som sambuarparet budde i vart knust av raset, og berre grunnmuren står igjen.

Dykkarar har også søkt i fjorden, men ved 15.30-tida avslutta dykkarane frå Kystvaktskipet MS «Andenes.» Dei har vore på 15 meters djup og i eit området på rundt 50 meter frå land.

Rasmassane på riksveg 55 vil bli fjerna i løpet av dagen, men vegen vil enno ikkje bli opna for trafikk.

NETT-TV: Her stod huset

Video Her sto huset som ble tatt av raset

NETT-TV: Her stod huset som ble tatt av raset.