Hopp til innhold

Forskar fryktar radioaktivt hav

Forskarar fryktar no at ei nedsmelting av dei jordskjelvråka atomkraftverka i Japan skal føre til ei global miljøkatastofe.

Video Fryktar radioaktivt hav

SJÅ TV-SAKA: Geofysikar Martin Hovland er mest uroa for uslepp som kjem vannvegen.

I ein kronikk i Bergens Tidende i dag skriv professor Martin Hovland at dersom det går hol på ein av reaktorane og det blir utslepp til havet, vil alt vatn i verdshava blir forgifta med radioaktivitet.

– Det første som blir smitta er Stillehavet, og så vil det forplante seg til andre verdshav i løpet av nokre år, fryktar han.

Fryktar ei ny verd

Professoren og geofysikaren ved Universitetet i Bergen fryktar vi vil få ei ny verd dersom det går hol på ein av reaktorane i Japan. Han meiner at at den nye verda vil då aldri bli som før.

– Eg håper inderleg at dette ikkje skjer, men slik eg ser, er det ein fare for at det kan skje.

– Eit skrekkscenario

Nyheitsbilete er prega av katastrofa i Japan. No er nedkjølinga av fleire reaktortankar ved det jordskjelvråka kjernekraftverket i Fukushima ute av kontroll.

Rundt 50 tilsette jobbar no desperat for å halde temperaturen nede i reaktorane. Går kraftverket i lufta, vil det ifølgje Hovland få alvorlege konsekvensar, også for oss her i Norge. Han trur det vil gå ut over livet i havet.

– Det er snakk om ikkje nedbrytbare stoff. Dei vil halde seg radioaktive i nokre hundre år og forplante seg i verdshavet. Det er skrekkscenarioet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tverrsnitt av samme type atomreaktor som er brukt i Fukushima reaktorene.

REAKTOR: Tverrsnitt av same type atomreaktor som er brukt i Fukushima-reaktorane.

Foto: general electric

Litt mindre uroa

Havforskar Tore Furevik, også professor ved Universitet i Bergen, er ikkje like bekymra som kollegaen sin.

– Det vil ha store konsekvensar dersom det blir utslepp av radioaktivt utslepp, men konsekvensane vil først og fremst vere i farvatnet nær Japan og nord i Stillehavet. Skulle det komme radioaktivt avfall inn i norske farvatn, snakkar vi om fleire titals år.

Trur ikkje på skadd fisk

Fiskebåtreiaren Øystein Sandøy i Måløy følgje katastrofa i Japan tett, men han trur ikkje ein eksplosjon vil føre til skade på fisken i Norskehavet.

– Eg trur det er ganske fjernt og kanskje ikkje eingong realistisk.

Går kraftverket i lufta vil radioaktive partiklar overføre stråling til alt det kjem i kontakt med.

Driv framleis nedforing

Tjernobyl-eksplosjonen i 1986 har fått store konsekvensar for fleire sauebønder i Norge. Bonde Kjetil Ruud i Jostedalen er blant bøndene som framleis dir med nedforing av sauane for å få ned det radioaktive innhaldet i kjøtet.

– No er det 25 år sidan ulukka og vi er framleis fleire medlemmer i sankelaget som driv med nedforing endå. Håper verkeleg vi slepp å oppleve det same igjen.

Professor Martin Hovland seier det er vanskeleg å forutsjå korleis dette utviklar seg, men har fryktar det verste.

– Vi kan vente og sjå desse radionukleidane i Nordsjøen om kanskje to år. Men eg håper inderleg at eg tek feil.

Video Grafikk: Problemer med Fukushima-kraftverket i Japan