Sognekvinne i sikkerheit på Kypros

Jenny Rømo (nummer to frå venstre) og venninnene.
Foto: privatKlokka seks fredag morgon kom sogndalskvinna Jenny Rømo fram til Kypros etter å ha blitt evakuert frå Sør-Libanon.
Publisert 21.07.2006 12:26.
- Skriv ut
Det var ei kontrastfylt oppleving å stige ombord i cruiseskipet i Tyr i går kveld.
- Vi såg at dei bomba Tyr medan vi sat på dekk på eit cruiseskip. Dei sa over høgtalarane at no var tax free-en open, det var ei heilt ufatteleg oppleving, seier ho.
«Dei har teke så godt vare på oss. Kva kan vi gjere tilbake? »
Jenny Rømo
Vanskeleg situasjon
Jenny Rømo er no i tryggheit på eit hotell på Kypros etter overfarten frå Libanon. Rømo er prega etter gårdagens opplevingar.
- Vi såg at dei bomba over hovuda på venene våre og at dei øydelegg det flotte landet som Libanon er. Eg tenkte på kor heldig eg er som er fødd i Norge, verden er forferdeleg urettferdig, seier ho.
- Korleis føltes det å forlate Libanon?
- Det var veldig trist. Det er nesten noko av det vanskelegaste eg har opplevd. Vi reiste frå folk som er i ein usikker situasjon. Dei har teke så godt vare på oss. Kva kan vi gjere tilbake?
Var på ferie
Den 27 år gamle Sogndalsjenta var langt i frå førebudd på korleis ferien hennar skulle bli.
- Ikkje i min villaste fantasi. Eg har snakka med folk som har opplevd krig i Libanon før, og dei seier at det aldri har skjedd på denne måten før. Omtrent på nokre timar var det full krig og bombene hagla, seier ho.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket