Hopp til innhold

Står klare til å hjelpe Japan

Eit kriseteamet på 39 personar er klare til å reise til Japan. Teamet består av hundeekvipasjar legar, redningspersonell og støttestab.

En mann ser på skadene etter tsunamien i byen Souma i Fukushima

TRAGEDIE: Japanarane vakna til enorme øydeleggingar laurdag morgon.

Foto: YOMIURI / Reuters

Hundeførar Yngve Moan og ruinsøk-hunden Garrux i Florø er blant mannskapa som står klare til å reise til Japan på kort varsel, etter at Utanriksdepartementet har sett det norske NORSAR-teamet i beredskap.

Så langt har Japan bede om hjelp frå nærliggjande land, men det norske teamet blir halde i beredskap.

– Vanskeleg å vere førebudd

– Det blir nok eit stort sjokk å komme dit og sjå desse forholda. Ein ting er å sjå det på tv og bilete, men det er noko anna når ein står midt oppi det. Eg trur det er vanskeleg å vere heilt førebudd, seier hundeførar Yngve Moan i Norske Redningshunder.

Heime i Florø ventar han ruinsøkehunden Garrux spent på telefon.

I beredskap sidan fredag

Yngve Moan og ruinesøk-hunden Garrux

STÅR KLARE: Hundefør Yngve Moan og ruinsøkehunden Garrux i Florø.

Foto: Geir Ole Laberg

Sidan tsunamibølgene skylte inn over Japan fredag føremiddag har Moan og dei andre spesialtrente mannskapa i det norske søk- og redningsteamet NORSAR stått i beredskap, klare til å reise til på kort varsel.

– For meg blir det eventuelt første gongen utanlands. Det knyter seg spaning med det. Det er mange tankar som går gjennom hovudet om kva som kan vente oss når vi kjem dit, seier Moan.

39 personar - ni hundar

NORSAR-teamet har bidrege i ei rekkje katastrofeområdet. No er det opp til Utanriksdepartementet å gi reiseordre, dersom Japan ber om bistand.

– Vi har sett i beredskap heile NORSAR-styrken, altså Norwegioan Search and Rescue Team, som består av 39 personar. Det er ni hundeekvipasjar, redningsfolk frå Oslo brann- og redningsetat, lege og medisinsk personell frå Norsk Luftambulanse, i tillegg til ei leiing, seier teamleiar Ove Syslak.

Han vil kunne ha teamet ha mannskapa sine flyborne på få timars varsel. Kva som eventuelt ventar dei, torer han ikkje spå.

Vil gjerne hjelpe

– Det vil vere enorme øydeleggingar. Det er jo både tsunamien og eit jordskjelv, slik at det er to ting som har øydelagt her. Vi er utrusta og godkjende av FN for 10 dagars innsats, seier teamleiaren.

Hundeførar Yngve Moan og witter-terrieren Garrux har sidan 2006 vore med på mange søk- og leiteaksjonar. For halvanna år sidan vart hunden, som ein av berre 23 i Norge, godkjend som ruinsøkehund. Førebels har dei berre vore utanlands på trening, men Moan er motivert for å reise, dersom ordren kjem.

– Det er klart vi ønskjer å bidra, viss vi kan gjere det, seier florøværingen som til dagleg jobbar med rekneskap.