Hopp til innhold

Stal plenklypparar – vart tekne

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politiet har oppretta sak mot to menn frå Litauen etter at dei stakk av med to plenklypparar i Utvik i Stryn.

Det var torsdag kveld at politiet fekk melding om to plenklypparar var stolne i Utvik. Klypparane hadde stått i kvar si øskje på ein busstopp, der dei skulle bli plukka opp.

Men før rette eigar kom til staden kom dei to litauarane køyrande forbi. Dei tok med seg plenklypparane som kvar er verdt 5000 kroner, og køyrde vidare.

Men politiet klarte etter kor tid å stoppe bilen til dei to mennene som var på gjennomreise.

- Dei to er politimelde og det er oppretta sak, opplyser politiet i Stryn.