Hopp til innhold

I dag får 21 tilsette vite om dei framleis har jobb på 1881 i Lærdal

Styret i Opplysningen 1881 skal i dag bestemme seg for om 21 av dei 52 tilsette ved avdelinga i Lærdal misser jobben.

Lilly Kvamme - 1881 i Lærdal

FRYKTAR DET VERSTE: Hovudtillitsvald Lilly Kvamme ved Opplysningen 1881 i Lærdal vedgår at ho ikkje er veldig optimistisk framfor styremøtet i dag.

Foto: Rune Bolstad

Styremedlem og hovudtillitsvald Lilly Kvamme er forsiktig optimist før styremøtet i dag, men ho fryktar likevel det verste.

– Vi håpar på det beste, og vil kjempe til siste slutt, seier Kvamme til NRK.

Vil berre kutte i Lærdal

Ho og dei andre tilsette ved Opplysningen 1881 i Lærdal er tynga av alvoret. I løpet av dagen kan eit styrevedtak sende 21 av kollegaene ut i arbeidsløysa.

Bakgrunnen er at Opplysningen 1881 skal kutte i kostnadar. Selskapet som har hovudkontor i Oslo, har også avdelingar i Lærdal, Namsos, Otta og Norheimsund. Til saman sysselset dei nær 400 tilsette.

– Det er urettferdig

I denne omgang vil styret berre kutte i Lærdal. Kvamme som er hovudtillitsvald for El- og IT-forbundet, og tilsetterepresentant i styret er opprørt over planane.

– Det er forferdeleg at dei skal gjere det på denne måten. Dei har vikarar andre plassar, og samtidig vil dei seie opp faste tilsette i Lærdal, seier Kvamme.

Ho og mange av dei andre tilsette i Lærdal opplever dette som tøft.

– Det er urettferdig. Dei kunne heller ha kutta ved alle avdelingane, så hadde det blitt mindre i Lærdal, seier Kvamme.

– Det pregar bygda

Det er på langt nær første gong arbeidsplassar ved Opplysningen i Lærdal er truga. Heilt tilbake til tida då Televerket stod for drifta, har dei tilsette måtte leve med kuttforslag.

Ordførar i Lærdal, Arne Sanden, seier uvissa pregar bygda.

– Det vert opplevd som ein stor stressfaktor at ein stor og viktig arbeidsplass ikkje er trygg, seier Sanden til NRK.

Og sjølv om Kvamme vil kjempe til siste slutt, vedgår ho at det ser mørkt ut.

– Skal eg vere heilt ærleg, så er eg ikkje veldig positiv. Men eg håpar i det lengste at dei tek til fornuft.

Det er venta avgjerd i saka i ettermiddag.