Hopp til innhold

Auke i seksuelle overgrep på nett

Sosiale medium, som til dømes Facebook, kombinert med webcamera kan vere årsaka til at stadig fleire born og unge vert utsette for seksuelle overgrep over internett. Berre i Sogn og Fjordane har talet meir enn dobla seg dei siste åra.

Video Rettsak etter nett-overgrep

- Stadig fleire tek i bruk sosiale medium. Blant desse finst det også folk med uærlege intensjonar, mange av dei utgjer seg for å vere andre enn dei eigentleg er, seier politioverbetjent Odd Arve Solvåg som arbeider med datakrim i Sogn og Fjordane.

Seksuelle overgrep på nett vert meir vanleg

Blant folk i alle aldrar vert surfing og kontakt med vener på internett ein stadig større del av kvardagen vår.

Men ikkje alle på internett er den dei gjer seg ut for å vere, og mange har ikkje berre gode intensjonar.

Å lage falske profilar, laste ned overgrepsbilete mot born og lokke born eller ungdom til seksuelle handlingar er ulovleg – men vert likevel stadig meir vanleg.

Barnevakten, som gir råd om barn og medier, har tidlegare gått ut og åtvara foreldre mot at det finst mange feller for born på internett.

(Artikkelen held fram under biletet)

Facebook og ungdom

MYKJE BRUKT: Mange ungdomar brukar mykje tid på sosiale medium, mellom anna Facebook.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Tiltalt for overgrep via internett

I Førde i Sogn og Fjordane starta i dag rettssaka mot ein mann i 30-åra frå Nordfjord.

Mannen er tiltalt for å ha brukt internett til å utføre seksuelt krenkjande handlingar overfor to mindreårige jenter som begge var under 14 år då kontakten med mannen starta.

Mellom anna skal mannen ha onanert framfor webcamera, medan jentene såg på. Dei to jentene skal også ha blitt bede om å utføre seksuelle handlingar overfor han, via webcamera.

Det er også gjort beslag av fleire hundre overgrepsbilete mot born på datamaskina til mannen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Internett

INTERNETT: Ikkje alle er den dei gjer seg ut for å vere på internett.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Frå ni til 21 på tre år

Per i dag har politiet ikkje statistikkar som viser omfanget av slike overgrepssaker via internett på landsbasis.

Men berre i det vesle politidistriktet Sogn og Fjordane, har talet på slike saker dobla seg sidan 2008.

- I 2008 hadde vi ni slike saker, medan talet i 2009 var 16. I fjor var talet oppe i 21, fortel Solvåg som arbeider med desse sakene.

Han seier sakene omhandlar nedlasting av materiale som omhandlar seksuelle overgrep mot born, og deling av slikt materiale.

- Lokkar unge til seksuell kontakt

I tillegg vert seksuell kontakt med mindreårige over internett stadig meir vanleg.

- Dette er saker som også handlar om såkalla ”grooming”. Altså det å lokke personar under 16 år til å gjere seksuelle handlingar på seg sjølve framfor til dømes eit webkamera, forklarar Solvåg.

Ungdomane er forsiktige

Også ungdomen i Sogn og Fjordane har merka at talet på slike saker har auka. På Skei skule i Jølster fortel ungdomane Ingrid G. Årdal, Miriam Sandnes, Ole Kristian Espe og Ruben Skrede at dei har høyrt mange historier.

- Til dømes om menn som lagar seg falsk profil på Facebook for å kome i kontakt med unge jenter, fortel ungdomane.

Dei vel å ta førehandsreglar når dei brukar sosiale medium.

- Eg passar på at eg ikkje fortel så mykje om meg sjølv, og ikkje legge ut om livet mitt til ukjente, seier ein av gutane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ungdom og internett

FORSIKTIGE: Ingrid G. Årdal, Miriam Sandnes, Ole Kristian Espe og Ruben Skrede er alle forsiktige med kva dei legg ut som seg sjølve på internett.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Fryktar tala vil fortsetje auke

Dei synst alle at det er ekkelt å høyre om overgrepssaka som i dag starta i Fjordane tingrett.

- Det er veldig ekkelt at det skjer så nært oss. Dette er ein nordfjording, og det viser at dette kan skje alle plassar og ikkje berre i Oslo, seier ungdomane.

Dei er ikkje optimistiske og er trur tala på overgrepssaker over internett berre vil auke.

- Eg trur nok dei som har vonde intensjonar vil finne fleire og fleire måtar for å kome i kontakt med unge jenter og gutar.