26.05.2012

Iransk to-barnsmor får bli

Masoumet Bakhtiari (Foto: NRK)

Den iranske to-barnsmora Masoumet Bakhtiari i Sogndal har for andre gong fått ophaldsløyve her i landet.

Bakhtiari fekk opphald våren 2004, men eit år etter vart avgjerda omgjort. No har ho fått opphald på nytt.

Gifta seg

Bakthitari kom til Sogndal med to born før jul i 2003. Ho hadde gjort seg skuld i utruskap i heimlandet og frykta for livet sitt. Her fekk ho avslag på asylsøknad. Men Bakhtiari hadde ein iransk kjærast med dansk statsborgarskap her i landet, og 10. mars 2004 gifta dei seg. Og etter mykje om og men, fekk den då 29 år gamle kvinna omsider opphald.

Måtte ut

Eitt års tid seinare havarerte ekteskapet, og UDI sa då at føresetnadene for å bli, var borte og ho måtte ut. Advokaten hennar Louis Anda gjorde eit nytt forsøk på å få opphald på humanitært grunnlag, og i går kom den gledeleleg meldinga.

Fleire saker

I Sogn er der for tida fleire saker om opphald som ikkje har fått lukkeleg utgang for dei det gjeld. Det gjeld Belik-søstrene i Aurland og den iranske familien Hatefmokthari i Sogndal.