Hopp til innhold

Stem på tidenes Sogndal-spissar

To plassar står att på tidenes Sogndal-lag. Det er på tide å bestemme seg for dei beste spissane Sogndal har hatt.

Tore André, Håvard og Jostein Flo saman med Egil Drillo Olsen i 1998.

Tore André, Håvard og Jostein Flo var viktige menn for Egil Olsen på slutten av 90-talet, og er alle kandidatar til å bli tidenes spiss på Sogndal.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Me snakka om midbana som "gullrekka", når eg ser på spissane er eg neiggu ikkje sikker lenger. Her har me spelarar i verdsklasse. Folk som har landslagsspel, vm-sluttspel og europacupfinalar. Det blir ikkje greitt å velja ut berre to av desse, seier Sogndal-kjennar Jon Navarsete.

Laget til no:

Kandidatane:

Svein Bakke (1971-73, 76-85, 87-88) 309 kampar/161 mål. - I forhold til oss andre var det som han kom frå ein annan planet. Ingen var i nærleiken av Svein, seier Navarsete.

Rolf Navarsete (1969-77) 166/43. Rask, hardtarbeidande målsnik.

Jermund Skartun (1976-88) 230/71. Uhyggeleg rask. Gjekk alltid rett på mål.

Lasse Opseth (1980-83, 85-91) 266/125. Notorisk målskårar med ei skotfinte Terje Kojedal og Åge Hareide framleis snakkar om.

Trond Fylling (1984-87, 89-93) 145/39. Uortodoks og smart. Gjorde det uventa.

Jostein Flo (1991-93) 54/33. Uslåeleg i lufta.

Tore André Flo (1993-94) 50/29. - Om nokon lurer var det han eg tenkte på då eg nevte verdsklasse, seier Navarsete.

Håvard Flo (1991-94, 2001-2008, 2010) 320/112. Svært sterk inne målfeltet. Både i lufta og langs bakken.

Kurt Mørkøre (1999-2001) 42/30. Skåra 20 mål på ein sesong i 2000. Det har ingen Sogndal-spelar gjort etter han.

Espen Olsen (2008-11) 77/19. Toppskårar i fjor. God til å utnytte feil.

Ulrik Flo (2007-11) 60/12. Ventar framleis på det store gjennombrotet, men har mykje i seg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Du kan gje ei stemme kvar dag fram til avstemminga blir avslutta søndag ved midnatt. Dei to som får flest stemmer vil få plass på tidenes Sogndal-lag som skal kårast fram mot seriestart i Eliteserien 20. mars.

Du kan avgje ei stemme kvar dag fram til søndag midnatt. Måndag 14.3 kjem ei ny avstemning, for då skal tidenes trenar kårast.