Sjå spektakulære stunt frå Sogn

NRK1 I KVELD: 12 ekstremsportsutøvarar skal oppleve Sognefjorden.
Foto: Skjermdump frå Oppdrag SognefjordenI kveld kan du følgje 12 av Norges fremste ekstremsportutøvarar i landets mest spektakulære natur ved Sognefjorden.
Publisert 06.03.2011 14:17.
- Skriv ut
Med ski på beina eller fallskjerm på ryggen kastar dei seg utfor dei stupbratte fjellsidene langs den lengste og djupaste fjorden i Norge.
I serien «Oppdrag Sognefjorden» bur dei tolv på båten Fjordvisjon. Dei reiser innover Sognefjorden der dei gjennom sju program skal jakte på nye og halsbrekkande stunts. Dei besøkjer også kulturelle stader ved Sognefjorden.
LES OGSÅ: - Dette er fantastisk reklame
Desse er med i serien:
- Mads Bækkelund (kaptein) - 44 år frå Sokna
- Anja Alme Gardli - 24 år frå Vang i Valdres
- Fridtjof Semb Fredricsson - 18 år frå Oslo
- Håvard Flaat - 30 år frå Namsos
- John Håvard Grøgård – 35 år frå Ål
- Joakim (Jokke) Sommer - 24 år frå Son
- Karina Hollekim – 33 år
- Kristian Moxsnes - 29 år frå Oslo
- Lasse Kjus - 38 år frå Siggerud
- Magnus Tveito - 25 år frå Ål
- Per Christian Fosse - 19 år frå Asker
- Tom Erik Heimen - 35 år frå Molde
- Åsmund Thorsen - fra Ål
Les meir om deltakarane her: Ekstremsport i Sognefjorden

















Sol og sommar i fylket