Hopp til innhold

- Vi skal ta med 15 medaljar frå NM

Vektløftarane frå Tambarskjelvar satsar på å forsyne seg grovt av medaljebordet under senior og veteran-NM neste helg.

Gunnar Reiakvam

AMBISIØS: Trenar Gunnar Reiakvam meiner løftarane hans kan klare å ta med 15 medaljar heim til Naustdal.

Foto: Erling Molt Korsnes / NRK

- Mellom 14 og 15 medaljar meiner eg vi skal klare, seier trenar Gunnar Reiakvam.

Det betyr at nesten alle dei 17 løftarane som er påmelde frå Naustdalklubben, tek med seg edelt metall heim.

- Klarar vi fem gull, er det kjempebra, seier trenaren optimistisk.

Desse skal vere med frå Tambarskjelvar:

  • Arne Larsen
  • Ove Varlid
  • Jantsen Øverås
  • Steinar Kvame
  • Veronica Weiseth
  • Sandra Trædal
  • Sunniva Bruland
  • Marit Årdalsbakke
  • Yngve Apneseth
  • Ole Martin Larsen
  • Sindre Rørstadbotnen
  • Stein Inge Holstad
  • Margrete Jonstad
  • Marte Rygg Årdal
  • Trude Raad
  • Daniel Holstad
  • Vebjørn Varlid

Fleire juniorløftarar er med

Fleire av løftarane som er med på Senior-NM, er eigentleg juniorløftarar. Men med sterke prestasjonar har dei klart å kvalifisere seg til meisterskapen.

(Artikkelen held fram under videoen)

(VIDEO: Sindre Røstadbotnen med 160 kilo i støyt på trening)

Mellom dei er 18 år gamle Sindre Rørstadbotnen, som går for sølv i si klasse.

Under trening har han klart 160 kilo i støyt, noko som er éin kilo bak personleg rekord.

- Eg trur Sindre kan kome til å klare opp mot 170 kilo under NM, noko som er veldig veldig bra, seier trenar Reiakvam.