Hopp til innhold

Kuttar årsverk ved Dooria

Dørfabrikken Doria har bestemt seg for å kutte 7,5 årsverk ved fabrikken i Utvik.

Dooria Utvik AS

KUTTAR: Dooria-fabrikken i Utvik mistar 7,5 årsverk.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Konsernsjef i Dooria, Mikkel Sandvik, seier dei har bestemt seg for å flytte stillingane i Utvik i Stryn til Oslo. Dette gjeld dei tilsette som jobbar med kundeservice.

Har slitt dei siste åra

– Vi har bestemt oss for samlokalisering i Oslo. Kutta ved fabrikken i Utvik er ein konsekvens av dette. Vi er i dialog med dei tilsette, seier Sandvik til NRK.no.

Dørfabrikkane i Årdal og Utvik har slite tungt dei siste åra, og eigarane har gitt seg sjølve frist til 2012 med å betre økonomien.

Dei to fabrikkane gjekk i 2009 med 50 millionar kroner i underskot, noko som førte til at 15 personar mista jobbane sine.

Tilbyr jobb i Oslo

No blir altså ytterlegare 7,5 årsverk innan kundeservice kutta i Utvik. Men Sandvik understrekar at sjølve dørproduksjonen ikkje blir råka.

– Nei, det blir den ikkje. Dei tilsette som jobbar med kundeservice vil få tilbod om jobb i Oslo. Dei som ikkje vil flytte til Oslo, vil vi hjelpe over i andre yrker eller andre arbeidsgjevarar, seier Sandvik.